
Utne hotell er freda og varig verna etter vedtak av Riksantikvaren 18. juli i 2006.
Av dei eldste hotella
Utne hotell skal vera eitt av dei eldste hotella i Noreg som framleis er i drift. Det starta som ein gjestgjevarstad i 1722 og har sidan vore drive kontinuerleg. Delar av den ståande hotellbygningen skriv seg frå gjestgjevarstaden frå 1700-talet, men hotellet har vore gjennom mange til- og ombyggingar og er sterkast prega av sveitsarstilperioden på andre helvta av 1800-talet.
Sist påbygd i 1930
Hotellet vart sist påbygd i 1930 og fekk då ny matsal og kjøkken. Matsalen vart innreia i samarbeid med arkitekt Terje Alvsaker med utgangspunkt i eit gammalt, rosemåla skåp som står i enden av rommet. Dette rommet er så godt som uendra sidan 1930 og utgjer ein slåande farge- og formmessig heilskap. Sjølv om det er den nyaste delen av hotellet, har det høg verneverdi. Tingstova og naustet som er freda er også eigde av Utne hotell.
«Det mest tradisjonsrike…»
I fredingsvedtaket kallar Riksantikvaren Utne hotell for «det mest tradisjonsrike hotellet i Hardanger og eitt av dei mest særmerkte hotella i heile landet». Vidare heiter det: «Utne hotell, Tingstova med naust og det tilgrensande lafta naustet har i dag særs høg miljøverdi. Saman med den gamle hadelsstaden utgjer dei sjølve kjernen i eit bygningsmiljø som gjer at Utne framleis er ein av dei vestnorske tettstadene som merkjer seg ut i landskapet».
Vernesaka starta i 1991
Det var Hordaland fylkeskommune v/Kultur- og idrettsavdelinga som starta og førte fredingssaka fram til vedtak. Planane om å gje både hotellet og store delar av Utne sentrum eit formelt vern byrja allereie i 1991, og det har vore eit godt samarbeid med Ullensvang herad om å finna ein passande verneform for dette sjeldne bygningsmiljøet. Kommunen regulerte Utne sentrum til føremål «vern» i 2002, det såkalla «Brochhuset», eit handelshus med uthus og hage, vart freda av Riksantikvaren i 2003, og i sommar vart arbeidet avslutta med fredingsvedtaket for Utne hotell.
Vern og verdiskaping
Mens fredingssaka har pågått, har hotellet vorte modernisert og pussa opp i samråd med fylkeskommunen, og det er no klar for vidare drift i mange år framover. Hotellet er eit godt døme på sambandet mellom kulturminnevern og verdiskaping i fylket. Dei som er interesserte i å lesa meir om eller sjå fleire bilete frå Utne hotell, eller kan henda tinga seg ei overnatting på det trivelege, nyfreda hotellet, bør ta ein kikk på Utne hotell si eiga heimeside: http://www.utnehotel.no/