Vedtaket er som tilrådinga frå fylkesrådmannen som vurderer at det ikkje er ein udekka etterspurnad etter drosjetenester i Bergensområdet. Det er dermed ikkje vilkår for å opprette nye drosjeløyve.
Mindretalet på tre røysta på eit forslag frå Elisabeth Tharaldsen Eide (Frp) om å innvilge 15 nye drosjeløyve til Taxi 1. Dette fekk dei tre røystene til Frp og fall.