Samferdselsutvalet sa ja til Kvammapakken

Samferdselsutvalet i Hordaland tilrår at Kvammapakken blir finansiert med 231 millionar kroner i bompengar og 25 millionar kroner i riksvegmidlar. Om lag halvparten av pengane skal gå til utbetring av riksvegen mellom Norheimsund og Øystese.

10 mot 3
Tilrådinga om å seie ja til søknaden frå Kvam bompengeselskap A/S vart vedteke med  10 røyster (H, Krf, Sp, SV, RV, Ap). Mindretalet på tre røysta på eit forslag frå Gustav Bahus, FrP, som er svært positiv til prosjektet og utbetringane, men er prinsipielt imot at slike prosjekt skal finansierast gjennom bompengeinnkrevjing. Slike prosjekt er staten sitt ansvar og på finansieringssida. Dette fekk dei tre røystene til Frp og fall.

Liv Glaser, SV, sette fram forslag om at saka må sendast på høyring til Ullensvang kommune før handsaming i fylkestinget. Dette fekk berre hennar røyst og fall.

256 millionar kroner
Kvammapakken er på totalt 256 millionar kroner og skal brukast slik: 90 millionar til tunnel Nes-Øystese, 40 millionar til gang/sykkelveg Nes-Tolo, 30 millionar til trafikksikring Norheimsund-Linga, 80 millionar til vegutbetring Øystese-Granvin grense, 10 millionar til trafikksikring på Kvamskogen og seks millionar til kryss mellom riksveg 7 og riksveg 13 i Granvin.

To bompengestasjonar
1. januar 2008 er planlagt start for bompengeinnkrevjinga. Det skal byggast to bompengestasjonar, ein øvst i Steinsdalen og ein på grensa til Granvin. Det er rekna med ei byggetid på seks år og ein bompengeperiode på 15 år.

Riksvegmidlane på 25 millionar kroner vil samferdselsutvalet prioritere i perioden 2006-2009 og første del av perioden 2010-2015.

Saka går vidare til fylkesutvalet 21. september og fylkestinget 10. og 11. oktober.  Endeleg vedtak kan skje i Stortinget til våren.

Bjarte Brask Eriksen 15.09.2006 11:48
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart