I vedtaket heiter det at elevane ikkje kan påleggjast totalt sett å få større utgifter til skulemateriell og utstyr enn det dei har utan obligatorisk berbar pc.
Vedtaket vart gjort med ni (H, Frp, KrF, V) mot seks (Ap, SV, Sp) røyster.
Tilbodsinnhenting
I vedtaket heiter det at fylkeskommunen innhentar og formidlar tilbod på kjøp/leigeavtale på berbar pc med tilleggsutstyr som trengst, samt forsikring og service-/supportavtale til elevar/føresette.
Avgrensa bruk av reklame
Ved innhenting av pris vert det opna for eit samarbeid med næringslivet for å få ned kostnadene. Ein avgrensa bruk av reklame kan innarbeidast i pakka eller i programvarene. (Dette punktet i vedtaket vart gjort med 8 (H, KrF, Frp) mot 7 (Ap, SV, Sp og V) røyster.)
Informasjon om bruk av berbare pc’ar i undervisninga må ut til elevane på eit tidleg tidspunkt.
Momskompensasjon
Spørsmålet om heil eller delvis kompensasjon for meirverdiavgift skal det arbeidast vidare med.
Ikkje større utgifter
Elevar som har eigen berbar pc som tilfredsstiller dei fylkeskommunale krava, kan nytta denne.
Elevane kan ikkje påleggjast totalt sett å få større utgifter til skulemateriell og utstyr enn det dei har utan obligatorisk berbar pc.
Gjennomføring
Kvar skule må ha ein pedagogisk gjennomføringsplan for overgang til obligatorisk berbar pc.
Oppgraderte nettverk
Ein tilfredstillande it-infrastruktur er ein føresetnad for auka bruk av berbare pc’ar på skulane. Trådlaust nett og oppgradert nettverk samt ny påloggingsrutine skal vere på plass før skulestart 2007/2008.
Kvar skule må tilby elevane sikker oppbevaring av dei berbare pc’ane når dei ikkje er i bruk på skulen.
Mindretalet i fylkesutvalet
Mindretalet på seks (A, SV og SP) røysta på eit forslag sett fram av Mette Holmefjord Olsen (SV) om at elevane som byrjar i 1. klasse i dei vidaregåande skulane neste år skal få gratis berbar pc, og at det blir sett i gang ein anbodsprosess for innkjøp av pc’ar. Mindretalet ville og straks setje i gang arbeid slik at elevane i inneverande skuleår skal få nytte berbar pc til maksimalt 150 kroner månaden.
Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet 21.9.2006 (rtf-fil)