Utvalet vil at ordninga med pc skal bli obligatorisk for elevane som byrjar i 1. klasse i dei vidaregåande skulane. Pc’en skal følgje elevane så lenge dei er ein del av den vidaregåande opplæringa i Hordaland. Fylkeskommunen skal innhente og formidle tilbod på kjøp/leigeavtale på berbar pc med tilleggsutstyr som trengst, samt forsikring og service-/supportavtale til elvar/føresette
Utvalet vil vidare at informasjon om bruk av berbare pc'ar i undervisninga må ut til elevane på eit tidleg tidspunkt. Spørsmålet om heil eller delvis kompensasjon for meirverdiavgift må det arbeidast vidare med. Elevar som har eigen berbar pc som tilfredsstiller dei fylkeskommunale krava, kan nytta denne. Elevane kan ikkje påleggjast totalt sett å få større utgifter til skolemateriell og utstyr enn det dei har utan obligatorisk berbar pc. Kvar skule må ha ein pedagogisk gjennomføringsplan for overgang til obligatorisk berbar pc, og ein tilfredstillande it-infrastruktur er ein føresetnad for auka bruk av berbare pc'ar på skolane. Trådlaust nett og oppgradert nettverk samt ny påloggingsrutine skal vere på plass før skolestart 2007/2008, og kvar skole må tilby elevane sikker oppbevaring av dei berbare pc'ane når dei ikkje er i bruk på skolen. Dette vart tilrådd med sju røyster, H, Frp og KrF.
Mindretalet på seks (A, SV, RV og SP) røysta på eit forslag frå Ingvild Hakestad (SV) om at elevane som byrjar i 1. klasse i dei vidaregåande skulane neste år skal få gratis berbar pc, og at det blir sett i gang ein anbodsprosess for innkjøp av pc’ar. Mindretalet ville og straks setje i gang arbeid slik at elevane i inneverande skuleår skal få nytte berbar pc til maksimalt 150 kroner månaden.
Saka går vidare til endeleg avgjerd i fylkesutvalet 21. september. Eit forslag frå Rosalind Fosse (Frp), på vegner av Frp og Høgre om å sjå på høve til reklamefinansiering av berbare pc’ar til elevane, vart oversendt fylkesutvalet utan realitetshandsaming.