Kystgilde i Grieghallen 16. september

Gallakonserten Kystgildet 2006 går av stabelen i Grieghallen laurdag 16. september klokka 18.00. På konserten deltek eit variert utval artistar henta frå kysten, frå Gulen til Sveio. Konferansierar blir Cato & Claus som er klar med kabareten Singel & Sand

Irish Dance Company skal opptre på Kystgildet i Grieghallen
Irish Dance Company skal opptre på Kystgildet i Grieghallen

Fengande og flott
Kystgildet 2006 blir ei fengande og flott oppleving i Grieghallen. Spekteret av musikkartar i festførestellinga femnar vidt, frå Arild B. Nielsen på lur, til Tysnes kammerkor, og vidare til rap på Austrheimdialekt med gruppa Unormale.
Dei andre artistane som er med er Storm Weather Shanty Coir, Arne Bøe og Heimalanne, og jazzsangerinna Ingrid Mjanger. Vi får også høyre Anette Thorsheim på toradar. Dei to unge talenta Frode Skag Storheim frå Radøy spelar flygel, og Stig Espen Hundsnes frå Sveio spelar trompet.
Irish Dance company vil danse riverdance og Oster Brass vil spele, medan Alvidt/Manger songlag vil syngje. Ole Bergesen og Henning Wickman kjem også, dei er kjende frå Fitjar teaterlag.

Perler i Nordsjøløypa
I Foajeen i Grieghallen blir det ei presentasjon av eit utval av Perler i Nordsjøløypa, ei oppmoding til å gå ut i landskapet og oppleve kystkulturen med kropp og sansar. Perler i Nordsjøløypa er utvalte turmål og attraksjonar i Øygarden, Sund og Fjell. I tillegg får vi også ei kort reise i fortida til Bømlo: Etablerarkultur i Bømlo gjennom 10 000 år, som og kan by på opplevingar mellom anna knytt til Nordsjøløypa. Kan hende vi også får smake litt på kystkulturen.

Billettprisen er 250 kroner og kan kjøpast i Grieghallen, telefon 55 21 61 50 eller hos Billettservice på telefon 815 33 133

Arrangør av Kystgildet er Kystsogevekene 2006.

Meir informasjon on Kystgildet 2006 (pdf)

Meir informasjon på nettsidene til Kystsogevekene www.kystsogevekene.no

05.09.2006 13:52
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart