Konferansen "Det marine Hordaland" blir skipa til i Grieghallen, Bergen 12. og 13. oktober. Dette er første gong Hordaland fylkeskommune har ein samla presentasjon av dei marine utviklingsprosjekta som fylket er partnar i.
Er du interessert i å delta på konferansen,kan du melde deg på via e-post til detmarinehordaland@post.hfk.no eller til Hordaland fylkeskommune, Arbeidslag for verdiskaping i kystsona, postboks 7900, 5020 Bergen, faks: 55 23 93 19 På konferansen DET MARINE HORDALAND vil du få presentert: – Prosjekt innanfor sjømatutvikling – Prosjekt innanfor oppdrett av nye og etablerte marine oppdrettsartar – Prosjekt innanfor marin nettverksbygging – Prosjekt innanfor arealbruk og nettbaserte tenester for marine næringar |  |
Kvifor denne konferansen?
Hordaland er Noregs viktigaste oppdrettfylke og har Europas største konsentrasjon
av marinrelatert forskning. Fiskeri- og havbruksnæringa utgjer ein viktig del av sysselsettinga og verdiskapinga langs kysten.
Rammevilkår og det høge kostnadsnivået i Noreg gjer at vi må sikre vidare vekst og utvikling basert på våre ressurs- og kompetansemessige fortrinn. Berre gjennom innovasjon og marknadstilpassa produksjon kan vi auke konkurransekraft og lønsemd i næringa. Eit av Hordaland fylkeskommunes viktigaste verktøy i satsinga i marin næringsutvikling er Regionalt Utviklingsprogram som sidan 2004 har vore partnarskap i meir enn 35 marine utviklingsprosjekt.
Konferansen ”Det marine Hordaland” vil presentere erfaringar og resultat frå desse prosjekta i form av foredrag, utstillingar og plakatar.
Detaljert program for konferansen det marine Hordaland
Brosjyre med program for konferansen (pdf)
Oversikt over foredragshaldarar (word)
Sjå og heimesidene til Det marine Hordaland