Ja til bompengar Løfallstrand – Årsnes

Samferdselsutvalet i Hordaland tilrår bruk av bompengar til utbetring av vegen Løfallstrand-Årsnes og til bygging av ny ferjekai på Årsnes. Det er lagt opp til 40 millionar kroner i bompengar og 20 millionar kroner i statlege løyvingar.

Bompengar på to ferjesamband
Av tilrådinga går det fram at det i tillegg til bompengeinnkrevjing på ferjesambandet Årsnes-Gjermundshamn, skal det vere innkrevjing av bompengar på ferjesambandet Årsnes-Varaldsøy.

Tilrådinga er gjort med 10 røyster (H, Ap, Krf, Sp, RV og Elisabeth Tharaldsen Eide, Frp). Mindretalet på tre røysta på eit forslag frå Liv Glaser, SV, som ser på ny ferjekai på Årsnes som eit bra tiltak, men meiner at det ikkje skal finansierast med bompengar, men skal med i dei komande budsjettframlegga. Dette fekk røystene til SV og Gustav Bahus og Ragnar Tyssebotn, Frp.

Ferjekai i Årsnes til 40 millionar kroner
Bompengane skal gå til å utbetring av vegen Løfallstrand-Årsnes og bygging av ferjekai i Årsnes til erstatning for ferjekaien i Løfallstrand. Ny ferjekai vil koste 40 millionar kroner, mens det er sett av 20 millionar kroner til vegopprustinga.

Bompengar over 15 år
Bompengeinnkrevjinga blir på etterskot på ferjesambanda over ein periode på 15 år.

Saka går vidare til fylkesutvalet 21. september og fylkestinget 10. og 11. oktober. Endeleg vedtak kan skje i Stortinget til våren. Anleggsarbeidet kan venteleg ta til rundt årsskiftet 2007/2008.

Bjarte Brask Eriksen 16.09.2006 08:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart