Helseføretaka, som er inni sitt femte driftsår etter at staten overtok sjukehusdrifta frå fylkeskommunane, slit med store underskot. I samband med regionreforma som skal gjennomførast frå 2010, bør ein tenkja radikalt og sjå på om det ikkje kan vera ei be
Prognosar for 2006 peikar mot at helseføretaka samla vil få over 1,3 milliardar kroner i underskot og ha eit oppsamla underskot på ca. 7,5 mrd. kr ved utgangen av året.
Fylkesordføraren i Hordaland seier at fylkeskommunane ikkje har hatt interesse av å ta omkamp på helsereforma som vart sett i verk frå 1. januar 2002, men resultata til no syner at reforma ikkje har vore vellukka.
Då helsereforma vart sett i verk, skjedde det på kort tid og i stort tempo. Mi oppfordring er at desse helseoppgåvene vert lagde til dei nye regionane, og at ein planlegg overføringa til regionane litt grundigare enn det som skjedde i 2001-02, seier fylkesordførarar Selsvold Nyborg.