Fylkesutvalet tilrår Kvammapakken

Fylkesutvalet i Hordaland rår til at Kvam bompengeselksap A/S får løyve til å krevja inn bompengar for å finansiera porsjekta i «Kvammapakken». Kvammapakken vert finansiert med 231 mill. kr i bompengar og 25 mill. kr i riksvegmidlar. Om lag halvparten a

Røysting
Tilrådinga om å seia ja til søknaden frå Kvam bompengeselskap A/S vart gjort  med  10 røyster (H, Krf, Sp, V, Ap) mot 5 (Frp og SV) røyster. Fremskrittspartiet røysta for sitt eige forslag der dei stiller seg svært positive til prosjektet og utbetringane, men er prinsipielt imot at slike prosjekt skal finansierast gjennom bompengeinnkrevjing. Slike prosjekt er staten sitt ansvar og på finansieringssida.

Ville ha fråsegn frå fleire kommunar
Bjørn Lothe (SV) sette fram forslag om at søknaden skulle sendast til kommunane Odda, Ullensvang  og Jondal kommune før endeleg handsaming i fylkestinget. Dette fekk berre SV sine to røyster og fall.

Pakke til 256 mill. kr
Kvammapakken er på totalt 256 millionar kroner og skal brukast slik: 90 millionar til tunnel Nes-Øystese, 40 millionar til gang/sykkelveg Nes-Tolo, 30 millionar til trafikksikring Norheimsund-Linga, 80 millionar til vegutbetring Øystese-Granvin grense, 10 millionar til trafikksikring på Kvamskogen og seks millionar til kryss mellom riksveg 7 og riksveg 13 i Granvin.

Bompengar i 15 år
1. januar 2008 er planlagt start for bompengeinnkrevjinga. Det skal byggjast to bompengestasjonar, ein øvst i Steinsdalen og ein på grensa til Granvin. Det er rekna med ei byggetid på seks år og ein bompengeperiode på 15 år.

Riksvegmidlane på 25 mill. kr frå sekkepostane i den fylkesfordelte riksvegramma  vil samferdselsutvalet prioritere i perioden 2006-2009 og første del av perioden 2010-2015.

Fylkestinget 10. oktober
Saka går vidare til fylkestinget 10.  oktober.  Endeleg vedtak kan skje i Stortinget våren 2007.

Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet 21. sept. 2006 (rtf-fil)

Stanley Hauge 21.09.2006 17:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart