
Utstillinga Chillegrunn skal ut til grunnskulane i Hordaland i haust. Måleriet ”Tvangsvandring” av Kwestan Jamal Bawan viser flukt over fjellet frå Irak i krig. Dette er første bilete ho skapa etter å ha landa i Noreg som kurdisk flyktning. Kwestan er ein av seks som deltek på utstillinga som er produsert av Den kulturelle skulesekken, ved Marit Brendbekken (midten) og Kari Vik (t.h). Kunstnaren Pedro Carmona-Alvarez frå Chile (t.v.) deltek og på utstillinga.
Etableringa av nettportalen har mykje å seie for informasjonsspreiing og regional samordning av den omfattande verksemda som den kulturelle skolesekken er. Nettportalen er skreddarsydd for å fremja partnarskapsmodellen som Den kulturelle skolesekken i Hordaland er tufta på: Her får kvar skule og kommune sitt eige andlet mot verda. Kommunar kan leggja eigne turnear og har tilgong på same basis-funksjonalitet som fylket.
Den kulturelle skulesekken i Hordaland har denne netteadressa: http://www.dks-hordaland.no/
Meir om den kulturelle skulesekken i Hordaland
Den kulturelle skulesekken er eit nasjonalt satsingsfelt med overordna målsettingar. Hordaland fylkeskommune har vedteke fylgjande mål for Den kulturelle skulesekken:
· å medverka til at elevar i grunnskulen får eit profesjonelt kulturtilbod.
· å leggje til rette for at elevar i grunnskulen skal få tilgang til, gjera seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag.
· å medverka til å utvikle ei heilskapleg integrering av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.
· å gje born oppleving av kunst og styrka deira eiga skaparevne.
Den kulturelle skulesekken (DKS) tek sikte på å utvikla ei heilskapleg integrering av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av læringsmåla i skulen, mellom anna ved å trekka inn kunstnarar og kulturarbeidarar og nytta kunst- og kulturinstitusjonane sine ressursar og kompetanse i skulens verksemd. Verksemda er tufta på eit godt samarbeid mellom kultur- og skulesektor på alle organisatoriske nivå. Målsettinga er at alle born skal få høve til å oppleva kunst og kultur av høg kvalitet, med håp om at dei får, og vidareutviklar, eit aktivt og positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk.
Hordaland fylkeskommune ynskjer å utvikla Den kulturelle skulesekken i nært samarbeid med kommunane og vil tena som sørvisorgan, regional samordnar og utviklar.
Eitt av måla for verksemda er å få til dynamisk samhandling og dialog mellom lokale, regionale og (inter)nasjonale kunstnarar og kunstinstitusjonar, der desse gjensidig kan gjera kvarandre rikare og saman medverka i realiseringa av Den kulturelle skulesekken.
Vidare ynskjer Den kulturelle skulesekken i Hordaland å samarbeida tett med relevante utdanningsinstitusjonar og med ABM-institusjonar. Målet er å gje born og unge gode kunst- og kulturtilbod til inspirasjon og varig verdi.