For å få til ei satsing på kollektivtransportilbodet i Bergensområdet vil det vere heilt nødvendig at driftsansvaret på ny vert samla i eitt forvaltningsorgan. Eit slikt ansvar må sjølvsagt og inkludere drifta av bybana i Bergen, skriv fylkesordføraren i brev til samferdselsministeren.
Bergen kommune gjennomfører i perioden 2004-07 eit forsøk med alternativ forvaltingsorganisering av transportsystemet.
I brev til samferdselsministeren slår fylkesordføraren fast at delar av dette forsøket i stor grad medverkar til samordningsproblem og unødvendige administrative kostnader i høve til dei transportpolitiske utfordringane ein står ovanfor i Bergensområdet i åra framover. Utviklinga peikar klart i retning av at desse utfordringane for byområdet også i stor grad vil omfatte mobilitet og reiser på tvers av kommunegrensene.
Det pågåande forsøket set klare grenser med sikte på å få til ei nødvendig samordning og felles satsing mellom dei fylkeskommunale rutetenestene som dekkjer ruter som har start og endestopp i eller utanfor Bergen kommune, og ruteproduksjonen innanfor bygrensene som pr. i dag er Bergen kommune sitt ansvar. Slik fylkesordføraren ser det vil det no vere avgjerande å få til ei heilskapleg og samla satsing på kollektivtransporttilbodet i Bergensområdet med;
— eitt takstsopplegg,
— ein rutestruktur på tvers av kommunegrensene og
— ein innkjøpsorganisasjon med ansvar for marknadsføring, informasjon, terminalar osv.
Fylkesordføraren trekkjer fram at når fylkeskommunen no er i gang med planlegginga og gjennomføring av innkjøp av rutetenester inn og ut av Bergen kjem dei nemnde utfordringane tydelegare fram.
Ulike politiske rammer for utvikling og innkjøp av rutetenester, der ansvaret er delt mellom Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune, set klare grenser for utforming av eit driftsopplegg som verkar rasjonelt og attraktivt for dei reisande. For å få til ei satsing på kollektivtransportilbodet i Bergensområdet vil det vere heilt nødvendig at driftsansvaret på ny vert samla i eitt forvaltningsorgan. Eit slikt ansvar må sjølvsagt og inkludere drifta av bybana i Bergen, heiter det i brevet til samferdselsministeren.
Fylkesordføraren oppmodar samferdselsministeren om å avvikla Bergen kommune sitt forsøk med alternativ forvaltningsorganisering av transportsystemet pr 31.12.2007.
«Samstundes er eg positiv til å vurdera alternative organisasjonsformer som primært må omfatte heile Bergensområdet, men som og må inkludere Bergen og nabokommunane i eit forpliktande opplegg for verkemiddelbruk i utforming og styring av transportutviklinga,» skriv fylkesordføraren.