Ber om ministermøte for å få Odda-Tyssedal på verdsarvlista

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ber snarast om eit møte med miljøvernminister Helen Bjørnøy for å for å orientera om kulturmiljøet i Odda-Tyssedal sitt kandidatur til å koma på UNESCO si verdsarvliste.

Staten sitt engasjement i høve verdsarv har dei seinare åra fått eit løft og har vore knytt til aktivitetar både innan- og utanlands. For tida vert det arbeidd med å få nye objekt inn på Noreg si tentative liste. Desse skal seinare fremjast til handsaming hjå verdsarvkomiteen. Kulturmiljøet i Odda-Tyssedal har over lengre tid vore aktuell for ein plass på denne lista, skriv fylkesordføraren i brev til statsråden.

Saka er av stor nasjonal interesse, men er også svært viktig for det regionale og lokale kulturminnevernet. Me er opptekne av at kulturmiljøet vert løfta fram, og på vegner av Hordaland fylkeskommune og Odda kommune bed eg difor om eit møte med ministeren så snart som råd, heiter det i brevet frå fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Stanley Hauge 06.09.2006 14:51
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart