220 personar gjekk tur i nordsjøløypene i Hordaland

I alt 220 personar deltok på guida turar på den andre europeiske Nordsjøløypedagen i Hordaland søndag 3. september. Spesielt turen mellom Kaldestad og Kjereide i Fjell kommune var populær med om lag 100 deltakarar.

23 personar deltok på den guida turen på Storekalsøy i Austevoll.
23 personar deltok på den guida turen på Storekalsøy i Austevoll.

Aud Karin Skagen ved Kulturlandskapssenteret i Hordaland fylkeskommune har delteke i planlegginga av arrangementet i Hordaland og er godt nøgd med oppslutninga.
– Sjølvsagt kunne vi ønska oss at mange fleire kom, men vi er nøgde med at så mange som 220 personar deltok på dei guida turane i Hordaland, seier Skagen.

80 på Nordsjøfartmuseet
På to stader var det liten oppslutnad, Glesvær og Tælavåg. Arrangøren vurderer det som om at det var litt tidleg å starte klokka 11.00. Men på den andre sida hadde Nordsjøfartmuseet i Tælavåg 80 personar innom dørene, og desse vart oppmoda om å delta på tur.
Også på Kystmuseet i Øygarden var det open dør med om lag 60 personar innom. Der hadde prosjektet ”Smak av Hordaland” servering av norsk tradisjonsmat, og det vart reklamert for turar i Nordsjøløypa

Kulturhistoriske opplevingar
Sjølv var Aud Karin Skagen ei av 23 som gjekk guida tur på Storekalsøy i Austevoll.
Denne dagen var det guida fotturar og mange slags arrangement langs stiar og på stader i 24 fylke i 6 land rundt heile Nordsjøen med vandringar og kulturhistoriske opplevingar gjennom skodespel, musikk, forteljingar og smak av lokal mat og drikke.

5000 km merka stiar
Nordsjøløypa, eller North Sea Trail, som det heiter på engelsk, er eit stort og ambisiøst initiativ som skal fremje friluftsliv i kystområda, kjennskap til kulturhistorie og lokal næringsutvikling mellom anna ved å tiltrekke seg turistar. Heile 26 fylke og regionar i landa kring Nordsjøen har i snart 4 år arbeidd saman med å etablere eit nettverk av vandreruter som ryggrad i denne satsinga, og no ligg snart nær 5000 km merka stiar og ventar for den som vil vandre i det flotte Nordsjølandskapet. Arbeidet inngår i prosjektet NAVE Nortrail som er leia av det skotske fylket Aberdeenshire Council og er støtta av EU sitt Interreg IIIb Nordsjøprogram. Hordaland fylkeskommune koordinerer arbeidet i Noreg.

Bjarte Brask Eriksen 04.09.2006 14:38
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart