Trond Mohn til elevar på yrkesmesse: Vis arbeidsglede og godt humør!

– Yrkeslabyrinten er ei svært bra yrkesmesse for skuleelevane, seier Trond Mohn som opna Yrkeslabyrinten i Vestlandshallen tysdag 31. oktober. Mellom 8.000 og 10.000 elevar kjem til i vitja messa i dei fire dagane den varer.

På Yrkeslabyrinten møttest konserndirektør Trond Mohn (t.h.), tidlegare ordførar og stortingsrepresentant Ingmar Ljones, og koordinator for Yrkeslabyrinten i Hordaland fylkeskommune, Berit Nyland.
På Yrkeslabyrinten møttest konserndirektør Trond Mohn (t.h.), tidlegare ordførar og stortingsrepresentant Ingmar Ljones, og koordinator for Yrkeslabyrinten i Hordaland fylkeskommune, Berit Nyland. (foto: Bjarte Brask Eriksen).

Den årlege yrkesmessa Yrkeslabyrinten er for unge som skal velja utdanningsveg og yrke for framtida. Ei lang rekkje opplæringskontor, vidaregåande skular, universitetet og høgskular og enkelte bedrifter deltek på messa og gjev nyttig informasjon om kva utdanning som krevst for ulike yrke.

Imponert
Konsernsjef Trond Mohn i Frank Mohn AS synest Yrkeslabyrinten er eit positivt tiltak, men ønskte ikkje å seie så mykje om sjølve messa sidan verksemda hans har utstilling der og han difor er partisk. Men Mohn tok seg tid til å få omvising på dei mange stands og utstillingar og var tydeleg imponert over messa.

Gode råd til ungdommane
Mohn hadde eit godt råd til alle dei frammøtte ungdommane.
– Eg tilrår alle unge å få seg utdanning. Det er ein god plattform. Og ingen kan ta utdanninga frå deg.
Mohn hadde og gode råd for å lukkast i arbeidslivet.
– Ved å vise arbeidsglede og godt humør, og svare ja når du blir bedt om å gjere noko, blir jobbing gøy, sa Mohn.

Ikkje lov å snakke stygt
Mohn har også to enkle knep for korleis ei verksemd skal lukkast.
– Ingen medarbeidarar har lov til å snakke stygt om kundane, og ingen medarbeidar har lov til å snakke stygt om kvarandre. Ved å overhalde desse to enkle reglane kan vi jobbe for kundane sitt ve og vel, seier Trond Mohn.

Bjarte Brask Eriksen 31.10.2006 15:41
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart