Gamle underskot vart dekka inn i 2005 og Hordaland fylkeskommune vart teken ut av Robek-lista i juli i år. Rekneskapsprognosen etter 2. tertial i år tyder på at det også i 2006 går mot overskot. Positive utsikter Utsiktene for 2007 er positive, men budsjettet er strammare enn då dei førebels rammene for neste år vart trekte opp i juni. Årsaka til dette er tredelt: Rammetilskotet vert 20 mill. kr lågare enn venta grunna endra tildelingskriterium. Pensjonspremien til Statens pensjonskasse vert auka med 13 mill. kr. Lønsoppgjeret i opplæringssektoren vert 22 mill. kr dyrare enn venta. Det samla opplegget for 2007 vert no strammare enn føresett i juni. Det vert noko mindre driftsmidlar til investeringar og ei rekkje ynskte tiltak kjem ikkje med i opplegget. Fylkesrådmannen minner også om at det knyter seg uvisse til skatte- og rammeoverføringane som ein ikkje vil vita sikkert før statsbudsjettet ligg føre. Takstfrys I budsjettgrunnlaget for 2007 og økonomiplanen for 2007-10, legg fylkesrådmannen mellom anna opp til: — Takstfrys – ingen auke i billettprisane for reiser med buss og båt, billettprisane vert dei same for fjerde året på rad — Takstane for periodekort vert sette ned med 10 % frå 1. januar 2007. — Den særlege takstsona over Nordhordlandsbrua fell bort, det gjev billegare reiser for alle mellom Bergen og Nordhordland. (Enkeltreise vaksne Bergen-Knarvik/Frekhaug går ned frå 55 kr til 46 kr.) — Anbodsdrift på snøggbåtane startar 1. januar 2007. Innsparing 7 mill. kr. Nye klassar — 25 mill. kr til heilårsdrift av dei nye klassane som vart oppretta hausten 2006, pluss 15 mill. kr til nye klassar frå hausten 2007. — 6,6 mill. kr meir til lærlingtilskot — 1 mill. kr i tilskot til Grieg-markeringa 2007 — 525 000 kr i tilskot til 100-årsjubileet for Olav H. Hauge og Geirr Tveitt — 650 000 kr i tilskot til båthall ved Hordamuseet — 70 mill. kr i konsesjonskraftmidlar til Hardangerbrua — 2,0 mill. kr til Bergen vitensenter, «Vil vite», som skal opnast våren 2007 1,7 milliardar kroner i inevsteringar — Samla investeringar 2007-10: 1 767,9 mill. kr — 1 199,9 mill. kr til investeringar i vidaregåande skular i perioden 2007-10 — Tre nye skular skal byggjast: Sørås videregående skole (ferdig 2009), Osterøy vidaregåande skule (2010), ny sentrumsskule i Bergen (2010/11) — Tilbygg Åsane gymnas 2007, Knarvik vidaregåande skule 2008-09, Kvinnherad vidaregåande skule 2009, Fiskarfagskulen i Austevoll 2009, Årstad videregående skole 2011. — 233,8 mill. kr til Jondalstunnelen — Doblar midlane til attendebetaling av forskotteringar til fylkesvegar: 20 mill. kr årleg. Meir om budsjettet |