Positiv til Syrifossen krafverk på Voss

Fylkesutvalet i Hordaland rår samrøystes til at det vert gjeve løyve til bygging av Syrifossen kraftverk i Dyrvo i Voss kommune.

Grunneigarar og fallrettseigarar i Dyrvedalen ynskjer å byggja Syrifossen kraftverk i Dyrvo i Voss kommune. Utbygginga vil kunna gje 8,2 GWh. Det vert ein inntaksdam i betong 3-4 m høg og 15 m brei like nedanfor ei eksisterande vegbru. Røyr og kraftline vert nedgrave, og det vert naudsynt med 1 km ny traktorveg ned til kraftstasjonen Om lag 500m av denne går i slakt terreng inntil dyrka mark på Giljarhus, medan siste delen går ned det bratte elvegjelet. Det er lagt opp til slepp av minstevassføring i sommarhalvåret av omsyn til fuktkrevjande artar.

I vedtaket seier fylkesutvalet at det er eit potensial for automatisk freda kulturminne i trase for veg, men ein set ikkje krav om markundersøking. Fylkesutvalet ber om at det vert teke inn vilkår som sikrar at utbyggjar må vise aktsemd å søkje å unngå skade på eventuelle kulturlandskapstrekk som steingardar, eldre vegar/stiar, bakkemurar, tufter m.m, samt plikt til å straks varsle fylkeskommunen om ein skulle støyte på automatisk freda kulturminne, jf kulturminnelova §8, 2.ledd.

Stanley Hauge 27.10.2006 15:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart