Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland inngjekk måndag 16. oktober partnarskap for å betre folkehelsa i Hordaland. Avtalen er underskriven av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og fylkesmann Svein Alsaker.

Fylkesmann Svein Alsaker og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg skriv under på avtalen om partnarskap for folkehelse.
Avtalen vart underskriven på konferansen ”Partnarskap for folkehelse” på Hotel Norge i Bergen med over 70 deltakarar frå offentlege og private etatar og organisasjonar.
Skal lage handlingsplan
I opningstalen kom fylkesordføraren innpå kvifor konferansen blir skipa til.
– Vi ønskjer innspel til ein handlingsplan som kan betre folkehelsa i Hordaland. Korleis skal vi utvikle fylket slik at alle kan ha god helse. Dette går på førebygging, tilrettelegging og spreiing av kunnskap. Dei friviljuge organisasjonane gjer stor innsats. Kommunane har det primære ansvaret med tilrettelegging og tenesteyting, men gjer vi det på fornuftig måte? Trekkjer vi alle mot same mål? spurde fylkesordføraren og svarte at det var her partnarskapen kom inn.
– Vi skal lære av kvarande for å bli betre og sjå innsatsen i samanheng, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Ikkje god nok samordning
Fylkesmann Svein Alsaker sa at det er semje om at det i dag ikkje er god nok samordning av folkehelsa.
– Vi må først få oversikt over alt arbeidet som skjer innan folkehelsa. Det er mykje godt arbeid som finn stad. Den generelle helsetilstanden skuldast i liten grad helsevesenet. Mosjon, livstil og gode arbeidsforhold er viktigare. Vi må skape vilkår for at folk kan ta ansvar for eigen helse. Vi må førebyggje meir og reparere mindre, sa fylkesmann Svein Alsaker.
Meir om folkehelse: www.hordaland.no/folkehelse