På veg mot Kulturnett 2.0

16. – 17. oktober var Kulturnett Hordaland vertskap for ei samling med Kulturnettfamilien frå heile landet. Kulturnettfamilien femner i dag ti regionale kulturnett og Kulturnett.no - Kultur- og kyrkjedepartementet sin offisielle nettportal til norsk kultu

Kulturnettfamilien samla i Fylkeshuset i Bergen. Framme i midten, leiar av Kulturnett Hordaland, Synnøve Gjermundnes som er omkransa av Lars Wenaas og Kristin Bolgård frå Kulturnett.no og ABM-utvikling.
Kulturnettfamilien samla i Fylkeshuset i Bergen. Framme i midten, leiar av Kulturnett Hordaland, Synnøve Gjermundnes som er omkransa av Lars Wenaas og Kristin Bolgård frå Kulturnett.no og ABM-utvikling.

Fri informasjonsutveksling
Kulturnett.no byggjer på universell utforming, opne kjeldekoder og fri informasjonsutveksling. Kulturnettfamilien samarbeider om å formidle kultur til brukarane gjennom saumlaus navigering i innhaldet. Målet er gi kunnskap og oppleving gjennom digital kultur og digital informasjon om kulturressursar. Dei regionale netta har særleg ansvar for å presentere kulturtilbod og kulturressursar på kommune- og fylkesplan.

Brukarstyrte og interaktive tenester
På samlinga diskuterte ein mellom anna korleis Kulturnetta kan auke tempoet for å tilby brukarane eit Kulturnett 2.0 med langt større grad av brukarstyrte og interaktive tenester enn i dag. Det er også auka interesse for å ta i bruk ressursane på Kulturnetta i skolen, og ein vil arbeide vidare for å gjere dette mogleg. Eit aktuelt prosjekt er Kildenett.no, der ein skal utvikle eit digitalt læringsverkty som samlar og gjer tilgjengeleg kultur- og kunnskapsressursar til ungdomsskulen og vidaregåande skule. Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Trøndelag, ABM-utvikling og HØYKOM.
Meir om prosjektet: www.kildenett.no

Felles tenester
Sogn og Fjordane er komen langt i å tilby brukarane felles tenester frå arkiv, bibliotek og museum i fylket. Gjennom eit ABM-samsøk kan brukarane få informasjon om same tema frå ulike kjelder og databaser, på kart, i lyd, på video osv.
Her kan du prøve samsøket: http://sognogfjordane.kulturnett.no/

Den lille klassefesten
Om kvelden 16. oktober var deltakarane samla til middag på Schøtstuene, etter å ha fått omvising på Bryggen av fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd. Fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup ønskte gjestene velkomne og introduserte dei tre barytonane i ”Den lille klassefesten” som gjorde stor lukke. Musikarane turnerer elles for Fylkeskonsertane i Hordaland.

Lena Jensen 25.10.2006 11:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart