Prosjekt Bryggen
Prosjekt Bryggen er eit langsiktig istandsettingsprogram for verdskulturminnet Bryggen. Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune leier prosjektet som vert gjort i samråd med Miljøverndepartementet, Riksantikvaren, Bergen kommune og huseigarane på Bryggen. Tidlegare leiar for prosjektet, Per Morten Ekerhovd, vart tilsett som fylkeskonservator i januar 2006, og har no fått etterfølgjaren sin på plass. Kontinuiteten i arbeidet er dermed sikra.

Inger Marie Egenberg er på plass om ny leiar for Prosjekt Bryggen. (Foto: Elin Jensen.)
Den nye prosjektleiaren
Inger Marie Egenberg er 49 år og opphaveleg frå Stavanger. Ho er tilsett ved Kultur- og idrettsavdelinga i fylkeskommunen frå 1. oktober. Egenberg har doktorgrad frå Universitetet i Gøteborg (2003), er utdanna konservator frå Konservatorskolen i København (1993), har utdanning og sveinebrev som møbelsnikkar, og har gjennomført studiar ved Universitetet i Oslo.
Allsidig bakgrunn
Konservatorstudiet er ei femårig utdanning som svarar til universitetet sine masterstudiar. Siste delen vart gjort hos Riksantikvaren der ho arbeidde med studie av milebrent tjære. Temaet tok utgangspunkt i trongen for kunnskap knytt til produksjon og bruk av tjære, mellom anna naudsynt for vedlikehald av dei norske stavkyrkjene. Egenberg var tilsett hos Riksantikvaren til 1994, og seinare ved Oldsaksamlinga sitt konserveringslaboratorium. Her arbeidde ho med konservering av arkeologisk materiale, ler-, tre- og metallgjenstandar, og med bevaringstiltak for helleristningar i Østfold.
Kjem frå jobb i NIKU
Som ei oppfølging av tjæreprosjektet fekk Egenberg stipend av Noregs forskingsråd. Doktorgradsavhandlinga vart gjort ved Institutionen för miljövätenskap och kulturvård ved Universitetet i Göteborg, og NIKU (Norsk Institutt for kulturminneforsking). Egenberg disputerte i 2003. Både masteroppgåva og doktoravhandlinga er tverrvitskapelege arbeid med stor vekt på kulturhistoriske, bevaringsfilosofiske, bevaringstekniske, materialtekniske og kjemiske problemstillingar. Egenberg har dei siste åra vore tilsett i NIKU og har arbeid med ulike problemstillingar og prosjekt, mellom anna som prosjektektleiar for «Tre i tiden». Prosjektet var finansiert av Riksantikvaren og Innovasjon Noreg og hadde auka bruk av tre i moderne byggeri som hovudmålsetting.