Prisen som er på kr 35 000 vart tildelt Mælans under Hordaland fylkesting sitt møte i Bergen tysdag 10. oktober. Fung. leiar i kultur- og ressursutvalet, Mette Nora Sætre, stod for utdelinga.

Leif Martin Mæland fekk tildelt Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2005 på fylkestinget 10. oktober. Fung. leiar i kultur- og ressursutvalet, Mette Nora Sætre, overrekte prisen. (Foto: Stanley Hauge.)
Kuttar i NOX-utslepp
Utslepp av NOx (nitrogenoksid) er ei stor miljøutfordring for Noreg, av di dette fører til forsuring av jordsmonn og vassdrag, og kan og føra til bakkernært ozon som kan gje helseplagar for menneske. Gjennom Gøteborgprotokollen har Noreg forplikta seg på å redusera utsleppa med 30% frå 1990 til 2010, men er enno langt frå å nå det målet.
Over 40% av dei totale NOx-utsleppa kjem frå den kystnære skipsflåten. Om ein skal få gjort noko som monnar innan 2010 er det viktig at ikkje berre nye men også dei eksisterande fartøya får lågare utslepp, sa Mette Nora Sætre ved tildelinga.
Byggjer om motorar
Leif Martin Mæland har særleg ivra for å få til ei satsing med ombygging av motorar på eksisterande fartøy. Gjennom utviklingsprosjekt med stønad frå SND og lobbyverksemd mot statlege etatar, har Mæland og Wartsila medverka aktivt til at det har kome på plass ei statleg støtteordning for reduksjon av NOx-utslepp på eksisterande fartøy – også omtalt som NOx-reduksjonsprogrammet.
Mindre Nox og CO2
Med eit 40-tals ombyggingsprosjekt på Bømlo sidan starten i 1997 har ein oppnådd årlege og varige utsleppsreduksjonar på om lag 1 800 tonn NOx og 11 100 tonn CO2 frå desse båtane.
Miljøgevinstar
Det er både konkrete og verdifulle miljøgevinstar som er oppnådd i dette arbeidet. Eg trur at nøkkelen til å løysa ein del av miljøutfordringane ligg i å få til eit samarbeid mellom næringsliv og offentlege styresmakter, der næringslivet viser kva som kan gjerast og korleis, medan staten støttar opp med gunstige rammevilkår for å nytta betre miljøteknologi slik dette eksempelet viser, sa fung. leiar i kultur- og ressursutvalet, Mette Nora Sætre, ved tildelinga.
Miljøpris for 15. gong
Hordaland fylkeskommune sin miljøpris har vore delt ut kvart år sidan 1992. I år vart prisen delt ut for 15. gong. Det kom i år inn forslag på ni kandidatar til prisen. Forslaga hadde stort spenn både geografisk og tematisk.