Med søknadsfrist 1. november har Hordaland fylkeskommune lyst ut ledige drosje- og reservedrosjeløyve i Bergen. Det er ledig ordinære løyve knytte til både Bergen Taxi og Norgestaxi Bergen, og reserveløyve uavhengig av sentralane.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er den same for alle dei utlyste løyva, 1. november 2006. Søknadslista som vert utarbeidd med grunnlag i den ekstraordinære utlysinga, vil utgjera grunnlaget for tildelingar fram til ny kunngjering i byrjinga av mars 2007.
Månadleg tildeling frå desember 2006
Tildeling av ledige løyve knytte til dei to sentralane og reserveløyva vil skje ein gong kvar månad, første gong i desember 2006.
Samferdselsavdelinga
Søknad om løyve skal sendast til Hordaland fylkeskommune, Samferdselsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen
Sjå: Ledige drosjeløyve