Kunsthuset KABUSO er den fysiske manifesteringa av Hordaland fylke sin tusenårsstad. Sidan 1976 har kulturadministrasjonen i Hordaland fylkeskommune skipa kulturkonferansen for Hordaland. I år er konferansen eit samarbeid mellom opplæring og kultur. Samlinga i år vert den 31. i rekkja.
Nye læreplanar
Grenseflata mellom kultur og skule er alltid aktuell, og no står vi framfor realiseringa av nye
læreplanar, kunnskapsløftet og eventuell utviding av Den kulturelle skulesekken. I læreplanverket sin
generelle del ligg utfordringa om at elevane skal "møte kunst og kulturformer som uttrykker
menneskers individualitet og fellesskap, og som stimulerer deres kreativitet og nyskapende evner."
Estetisk oppleving, estetisk praksis/røynsle og estetisk vurdering/kritikk er tre hovudmoment i den
estetiske dimensjon.
Kunstnarleg arbeid
På konferansen vil vi gje døme på kunstnarleg arbeid. Vi vil drøfta både dei estetiske faga sitt
eigeverd, og estetiske fag som metode for læring og personleg utvikling. Nye skulehus kan ha
estetisk utforming som gjev barna gode arenaer for oppleving og læring. Kunnskapsløftet der alle
elevar skal ha tilpassa undervisning, må ta omsyn til forskingsresultata som syner at vi lærer på ulik
måte, gjennom å stimulera ulike sansar. Ved å nytta kunnskap om preferansane - og kalla læringsstilar,
vil det få konsekvensar for opplæringa.
Stimulere sansar
Vi legg opp til at konferansedeltakarene og skal få stimulera fleire sansar, og vonar at det vil vera til
inspirasjon.
Fylksordførar Torill Selsvold Nyborg ynskjer velkomen torsdag 19. oktober kl. 13.00 og ordførar i Kvam, Astrid Kristin Selsvold, opnar konferansen kl. 13.05.
Ønskjer du å delta på konferansen ta kontakt med Dagny Ygre Herland, tlf 55 23 91 99 eller Berit Bjørge tlf 55 23 91 90, eventuelt e-post kultur@post.hfk.no.
Program med detaljoversikt over konferansen (pdf)