Fylkestinget går inn for at det i tillegg til bompengeinnkrevjing på strekninga Årsnes-Gjermundshamn, skal det vera innkrevjing av bompengar på strekninga Årsnes-Varaldsøy.
Vedtaket i fylkestinget er gjort med 35 (Ap, H, Krf, Sp, V) mot 22 (SV, Frp, RV, Uavh.) røyster.
Mindretalet røysta på eit fellesforslag frå SV og Frp som ser på ny ferjekai på Årsnes som eit høgt prioritert tiltak, men meiner at det ikkje skal finansierast med bompengar, men skal med i dei komande budsjettframlegga.
Bompengane skal gå til å utbetring av vegen Løfallstrand-Årsnes og bygging av ferjekai i Årsnes til erstatning for ferjekaien i Løfallstrand. Ny ferjekai vil koste 40 millionar kroner, mens det er sett av 20 millionar kroner til vegopprustinga.
Bompengeinnkrevjinga blir på etterskot på ferjesambanda over ein periode på 15 år.
Endeleg vedtak kan skje i Stortinget til våren. Anleggsarbeidet kan i så fall venteleg ta til rundt årsskiftet 2007/2008.
Protokollmerknad frå Høgre, Fremskrittspartiet, Kristeleg folkeparti, uavhenging og SV: «Fylkestinget meiner at vi no flyttar grensene ved å bruka bompengefinansiering ved bygging av ferjekaiar. Fylkestinget meiner at dette fullt ut burde vore finansiert over statsbudsjettet.»