Auka verdiskaping
Fylkesutvalet meiner hovudfokuset i norsk fiskerinæring må vere marknad, lønsemd og auka verdiskaping frå dei tilgjengelege ressursane. Lønsemd må ligge til grunn for all næringsverksemd, også i fiskeflåten. Berre ved at flåten har god lønsemd vil den kunne gje trygge og gode arbeidsplassar, og berre slik vil vi kunne maksimere fiskeflåten sitt bidrag til samfunnet og lokalsamfunna langsetter kysten. (Samrøystes vedteke.)
Stabile kvotar
Vi viser til at næringa må ha stabile, langsiktige og konkurransedyktige rammevilkår. Vidare må vi syte for at den politiske risikoen er så låg som mogleg. I denne samanhengen er stabilitet i kvotefordelinga viktig. Uro kring dette viktige rammevilkåret er etter vår oppfatning særs uheldig. Fylkesutvalet vil derfor sterkt åtvare mot forslaget frå utvalet si gruppe 1 om omfordeling av kvoter mellom flåtegrupper. Hordaland fylkeskommune er prinsipielt imot regionalisering av kvoterettar i fiskeria, og går derfor klart mot dette, heiter det i punkt to i høyringsfråsegna. (Vedteke med ti (H, KrF, Frp, Sp, V) mot fem (Ap, SV) røyster.)
Strukturordningar
Fylkesutvalet meiner ein må fortsette med strukturordningar. Det er overkapasitet også blant dei minste båtane, samt at også desse fartøyeigarane bør ha tilbod om å tilpasse seg med større kvoter. Vi legg difor til grunn at ein no innfører strukturkvoteordningar også for flåten ned til 10 meter. Med omsyn til lengdegruppeinndelinga i kystflåten finn vi at det ut frå eit mål om struktureringseffekt kan vere føremålstenleg at ein beheld gruppene slik dei er. (Vedteke mot to (SV) røyster.)
Ressursrenteavgift
Fylkesutvalet går inn for at strukturordningane skal vere tidsuavgrensa. (Vedteke mot 5 røyster (SV, Ap).)
Hordaland fylkesutval sluttar seg til at det ved tidsuavgrensa kvoter, er prinsipielt riktig å innføre ei ressursrenteavgift. Det må utgreiast modellar for dette som tek føre seg det totale avgiftsnivået for flåten og konkurransesituasjonen elles. Innføring av ressursrenteavgift må berre skje på grunnlag av ei netto avkastning ut over «normalt». (Vedteke mot 5 røyster (H og SV).)
Forslag som fall
Høgre føreslo at punktet rett ovanfor (Ressursrenteavgift) skulle lyda «Fylkesutvalet går imot innføring av ressursavgift.» Forslaget fekk Høgre sine tre røyster og fall.
SV fremja sitt eige alternative forslag til vedtak i saka. Forslaget fekk to røyster (SV) og fall.
Arbeidarpartiet fremja endringsforslag til fleire av punkta, men forslaga fall då dei fekk vekselvis fem (Ap, SV) og tre (Ap) røyster.
Pressemelding frå fylkesutvalet 26. oktober (rtf-fil)