Hordaland fylkesting vil ha nye høgspentliner i kabel

Når det finst gode alternative løysingar, meiner Hordaland fylkesting at ein bør gå bort frå store, skjemmande luftspenn og over til kabling i bakken. Fylkestinget krev derfor at standarden for høgspentliner vert endra slik at dei for framtida vert lagt i

Forslaget til fråsegn vart sett fram av Kjellaug Holm (H).

I fråsegna viser fylkestinget til at ein er kjent med dei store høgspentline-prosjekta frå Sima gjennom Hardanger og mellom Kollsnes, Mongstad og Modalen. Når slike leidningar vert lagde som luftspenn, påverkar dette store område, bandlegg store areal og gjev eit negativt estetisk inntrykk, heiter det i fråsegna frå fylkestinget.

 Fylkestinget strekar under at det vil verka estetisk skjemmande på landskapet i Hardanger dersom store luftspenn skulle verta realisert.

Stanley Hauge 10.10.2006 15:34
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart