Fylkestinget tilrår Kvammapakken

Hordaland fylkesting rår til at Kvam bompengeselskap A/S får løyve til å krevja inn bompengar for å finansiera porsjekta i «Kvammapakken». Kvammapakken vert finansiert med 231 mill. kr i bompengar og 25 mill. kr i riksvegmidlar. Om lag halvparten av penga

Vedtaket om å seia ja til søknaden frå Kvam bompengeselskap A/S vart gjort  med  35 røyster (H, Krf, Sp, V, Ap) mot 22 (Frp, SV, RV og uavh.) røyster.
 RV røysta primært for eit eige forslag  der dei seier at «Kvammapakken» er eit positivt og viktig prosjekt, særleg ut frå distrikts- og miljøsynsvinkel, men at finansieringa skal vera eit statleg ansvar. Forslaget fekk åtte røyster (SV, RV) og fall.
 Fremskrittspartiet røysta primært for sitt eige forslag der dei stiller seg svært positive til prosjektet og utbetringane, men er prinsipielt imot at slike prosjekt skal finansierast gjennom bompengeinnkrevjing. Slike  prosjekt er staten sitt ansvar og på finansieringssida. Også RV og T. Sveen (uavh.) støtta dette forslaget som fekk 16 røyster og fall.

Bjørn Lothe (SV) sette fram forslag om at søknaden skulle sendast på høyring til kommunane Odda, Ullensvang  og Jondal kommune. Dette fekk åtte røyster (SV, RV) og fall.

Som ein del av det samla finansieringsopplegget for «Kvammapakken» går fylkestinget inn for å  prioritere 25 mill.kr i statlege midlar frå sekkepostane innanfor den fylkesfordelte riksvegramma i siste del av perioden 2006-2009 og første del av perioden 2010-2015. Dette punktet i vedtaket var samrøystes.

Kvammapakken er på totalt 256 millionar kroner og skal brukast slik: 90 millionar til tunnel Nes-Øystese, 40 millionar til gang/sykkelveg  Nes-Tolo, 30 millionar til trafikksikring Norheimsund-Linga, 80 millionar til vegutbetring Øystese-Granvin grense, 10 millionar til trafikksikring på Kvamskogen og seks millionar til kryss mellom riksveg 7 og riksveg 13 i Granvin.

1. januar 2008 er planlagt start for bompengeinnkrevjinga. Det skal byggjast to bompengestasjonar, ein øvst i Steinsdalen og ein på grensa til Granvin. Det er rekna med ei byggetid på seks år og ein bompengeperiode på 15 år.

Riksvegmidlane på 25 mill. kr frå sekkepostane i den fylkesfordelte riksvegramma  vil samferdselsutvalet prioritere i perioden 2006-2009 og første del av perioden 2010-2015.

Endeleg vedtak kan skje i Stortinget våren 2007.

Stanley Hauge 10.10.2006 15:32
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart