
Regjeringa har gjeve klarsignal for bygging av energiverk på Mongstad. (Illustrasjon Statoil.)
Store ringverkander
Energiverket vil sikra at me i lang tid framover vil ha eit moderne og konkurransedyktig oljeraffineri i Hordaland. Samstundes vil kombinasjonen gassrøyrleidning Kollsnes-Mongstad og energiverk leggja til rette for ny industriutvikling både i Nordhordland og Ytre Sogn, utbyggingar som vil gje store ringverknader langt ut over desse områda, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Eit miljøtiltak
I Hordaland fylkeskommune ynskjer me CO2-frie gasskraftverk. Med dei vilkåra staten har sett til Statoil sitt energiverk på Mongstad, vil me få det nokre år etter at verket er sett i drift. Som ein bonus vil også dagens store utslepp frå Mongstad verta reinsa. Samla sett vil utbygginga vera eit miljøtiltak som vil hjelpa oss til å oppfylla Kyoto-avtalen på sikt, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Sikrar kraftforsyninga
Energiverket på Mongstad vil betra kraftsituasjonen både regionalt og nasjonalt, påpeikar fylkesordføraren.
Den framtidige kombinasjonen av dei store elektrisitetsforbrukarane Troll Kollsnes og Troll A plattforma, og den store varmeforbrukaren på Mongstad vil verta unik i Noreg. Når desse tre storforbrukarane får krafttilgang frå det nye verket, vil tilsvarande energimengder verta frigjort for andre brukarar.
Bergensregionen vil om få år ha eit stort kraftunderskot. Energiverket på Mongstad vil betra på denne situasjonen, seier fylkesordføraren. Og ho legg til at Mongstad-kraftverket også bør gje betre tid til å utgreia og gjennomføra kabelløysing for den omstridde kraftleidningen frå Sima til Bergen.