175 deltakarar
Nærare 175 deltakar frå kommunar, fylkeskommunane og statlege organ deltek på Kommuneplankonferansen som Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune arrangerer i Bergen 24.-25. oktober. Tema for årets konferanse er «Miljøutfordringar, planlegging og lokaldemokrati.»
Tek seg til rette
Fylkesmannen har i aukande grad måtta ta tak i problema rundt ulovlege byggjesaker, sa fylkesmann Alsaker. – Når tiltakshavarane ikkje går den rette vegen gjennom søknad til kommunen og gyldig løyve, men tek seg til rette, har vi eit problem. Problemet er både demokratisk i forhold til rettstryggleiken til enkeltmennesket og for miljøet i forhold til uønskte tiltak, sa fylkesmann Alsaker.

Fylkesmann Svein Alsaker tok på Kommuneplankonferansen 2006 til orde for sterkare fokus på ulovleg bygging.
Vil ta affære
Fylkesmannen påpeika at ulovleg bygging i utgangspunktet er kommunane si utfordring som administrator av plan- og bygningslova. Fylkesmannen har også eit miljøansvar og eit ansvar for rettstryggleik i forhold til plan- og bygningslova. Vi har som intensjon å påverka kommunane til å følgja opp ulovleg bygging og sjølv ta affære i dei tilfelle kommunane ikkje tek fatt i problemet.
Har meldt enkeltsaker
Alsaker sa at fylkesmannen til no har vi meldt enkelte saker i strandsona der tiltaket har vore klart ulovleg og han streka under at fylkesmannen vil halda fokus på dette framover.
Vil styrkja kompetansen
Fylkesmann Alsaker sa han var noko i tvil om kommunane og også fylkesmannsembetet kan dei juridiske handgrepa godt nok når det gjeld å melda ulovlege byggverk, krevja tilbakeføring dvs. riving, inndraging av økonomisk utbyte m.m. Han påpeika at samarbeid med økokrim er viktig i denne samanheng. – Eg vil fremja ein prosjektsøknad til Miljøverndepartementet for å styrkja vårt arbeid på dette området. Innehenting av erfaring frå et prosjekt i Sandnes kommune vert her viktig. Erfaringane frå Sandnes viste at det skjedde mykje ulovleg bygging, sa Alsaker.
Mange private planar
For nokre tiår sidan var det slik at kommunane sjølv i stor grad styrte utviklinga gjennom eiga planutforming. I dag er det private utbyggingsaktørar som kjem med dei fleste innspela til arealbruken. Av og til på tvers av nylig vedtekne planer. Ca. 90 % av alle planforslag i Hordaland vert i dag av fremja private aktørar, påpeika fylkesmann Alsaker. Og la til: Sjølv om desse reguleringsforslaga sjølvsagt må gå gjennom lokalpolitisk behandling så er det ein fare for at det i praksis kan bety ei utholing av vedtekne planer
Mange rike og nyrike tek heller ikkje eit nei for eit nei og fremjar klagar og ankar med advokathjelp, og det offentlege vert dermed innvikla i mange juridiske prosessar, sa fylkesmannen.
Ny plandel i plan- og bygningslova
Plan- og bygningslova vil i 2007 få ein ny plandel der det m.a. vert stilt auka krav til regional samordning av areala i fjellområda, sa ekspedisjonssjef i Miljøverndepartementet, Tom Hoel, på kommuneplankonferansen. I den reviderte lova vil det truleg også vert sett krav til standardisering av digitalisering av planar.
Lokalt miljøvern
Hoel opplyste at departement vil ha større kraft att i arbeidet med lokalt miljøvern. Livskraftige kommunar vert lansert som eit femårig prosjekt i samarbeid med KS og med ein tilskotspott på 13 mill. kr.
Vindkraft
Ekspedisjonssjef Hoel viste til at Miljøverndepartementet har lagt ut på høyring forslag til retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. I retningslinjene vert aktuelle fylkeskommunar bedne om å starta arbeid med regionale planer for vindkraft. Av retningslinjene går det fram at større utbyggingar konsentrert til avgrensa område skal prioriterast framfor spreidd utbygging av mindre anlegg.

Eksotisk konferansestart
Kommuneplankonferansen 2006 fekk ein eksotisk start ved musikaren Adama Barry (biletet) frå Burkina Faso. Han spel