Fylkeskommunen sel Valen Vaskeri

Hordaland fylkesting har gjeve fylkesrådmannen fullmakt til å setja i verk prosess med å selja Valen vaskeri AS som er eit heileigd fylkeskommunalt selskap. Fylkesutvalet har fått fullmakt til å stå for salet.

Vedtaket er gjort med 36 (H, KrF, Frp., Sp, V, uavh.) mot 21 (Ap, SV, RV) røyster.
 Mindretalet gjekk imot at fylkeskommunen skal selja Valen vaskeri AS.

Valen Vaskeri var opphavleg eit vaskeri for Valen sjukehus. I 1970 vart vaskeriet skild ut frå sjukehuset og organisert som eiga verksemd under fylkeskommunen.

I 2005 hadde Valen vaskeri AS ein omsetnad på ca. 18,5 mill. kr. Verksemda har 19 tilsette.

Vaskeriet står i dag fram som ei svært moderne og effektiv bedrift med dyktige medarbeidarar og profesjonell leiing, heiter det i saksutgreiinga.

Stanley Hauge 10.10.2006 15:31
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart