Folkemusikkveko 2006 tek utgangspunkt i den gamle folkemusikktradisjonen
vår og fører den vidare i spanande og moderne samansetjingar, både innan
jazz og klassisk tonespråk.

Frå venstre: Frank Henrik Rolland, Reidun Horvei og Einar Mjølsnes. (Foto: Kay A. Berg.)
Mange aktørar
Her vert det Villspel med Reidun Horvei, Einar Mjølsnes, Frank Henrik
Rolland og jazzsaksofonisten Ole Jacob Hystad og trommeslagaren Tarald
Tvedten. Samt dans av Magdalena From Gniste og kåseri av Åshild Ulstrup.
Det vert utstilling, folkedansmesse, internasjonal kveld med gruppene FORZA
og LOKRANGA, minikonsertar, dansroptefel@, dansekveld og sjølvsagt
festkonsert med folkedans, kveding, felespel, korsong og korpsmusikk !!!

TRIO VEST: Frå venstre: Grete Hylland, Jarle Kristoffersen og Magnus Blom. (Foto: Kay A. Berg.)
Skulekonsertar
I tillegg blir det skulekonsertar ( Tonane øve` bruo ) for mellomsteget med fylkesmusikarane Reidun Horvei - kveding og Einar Mjølsnes - hardingfele og Trio Vest (distriktsmusikarar i Sunnhordland) : Grete Hylland- fløyte, Jarle Kristoffersen - cello og Magnus Blom - klaver.
Det blir Dans på tvers for ungdomskulane med ein av dei sprekaste hallingdansarane i Hordaland, Magne Kleiveland, som har med seg felsepelar Frank H. Rolland.
Program - tekstversjon (pdf)
Program - illustrert (pdf - stor fil)
Skulekonsertar og kurs (pdf)