Filmen ”Villsauen, reven og kjærligheten” har fått fleire internasjonale nominasjonar. Først gjennom nominasjon og god omtale under filmfestivalen Silverdocs 2006 i USA tidlegare i år, så er den nominert til Ekofilm-prisen i Praha 12. oktober og til slutt til den gjeve 2006 IDA Awards i Los Angeles. Dei 25.000 kronene frå Hordaland fylkeskommune blir utdelt for at film og filmskapar skal kunne delta på prisutdelinga i Los Angeles. Oppglødd Strategi- og næringsdirektør Jan Per Styve er oppglødd over at ein filmskapar frå Bergen opplever slik suksess. – Hordaland fylkeskommune har dei siste åra hatt eit stadig sterkare fokus på kulturnæringar, herunder film. Vi registrerer det aukande kvalitetsnivået på |  Anne Magnussen har fått 25.000 kroner av Hordaland fylkeskommune for å delta under prisutdelinga i Los Angeles i desember.
|
filmar produsert i Bergen og Hordaland, og ser med stor glede at film frå regionen vår vekker merksemd, og får prisar og nominasjonar også internasjonalt. Næringslivet i Bergen og Hordaland har lange tradisjonar for internasjonal handel og kontakt. Film som uttrykk er også ein moderne og effektiv marknadsføringskanal for vestnorsk natur og kultur. Dokumentarfilmen "Villsauen, reven og kjærligheten" er eit godt døme på dette, seier Styve.
God omtale på festival i USA
Filmen som er i underkant av 30 minutt, vart produsert i fjor og vist på to gonger på NRK for i alt 600.000 sjåarar. Den vart nominert, vist og fekk god omtale på den største nordamerikanske dokumentarfestivalen, Silverdocs, like utanfor Washington 13. til 18. juni i år. Her deltek dei beste dokumentarskaparane frå heile verda. 1700 filmar var påmeldt, og "Villsauen, reven og kjærligheten" var mellom dei første 30 filmane av i alt 60 filmar frå 22 land som vart nominert på festivalen.
Filmprisar i Praha og Los Angeles
14. oktober blir "Villsauen, reven og kjærligheten" vist på den internasjonale filmfestivalen Ekofilm i Praha, og juryen der har bestemt at filmen skal få den internasjonale Ekofilm-prisen.
8. desember blir dokumentarfilmens svar på Oscar delt ut i Los Angeles. "Villsauen, reven og kjærligheten" er ein av fem filmar som er nominert i kategorien korte dokumentarfilmar under IDA Awards. Anne Magnussen skal delta under prisutdelinga.
Handlinga
Filmen handlar om Hilde Buer, ein byråkrat som sel det ho har for å bli villsaubonde på øya Grønenga utanfor Florø. Ho har med seg sambuaren, men han døyr av kreft. Deretter kjem ein revejegar inn i biletet.