Bergen maritime opna flott auditorium

Bergen maritime videregående skole (BMVS) har fått ein flott ny tilvekst til skuleanlegget sitt. Eit auditorium med 60 plassar vart teke i bruk ved skulestart i august. Dette er eit nytt prosjekt som hovudsakleg er finansiert med inntekter frå kurs- og op

Det nye auditoriet føyer seg inn i rekkja av oppgraderingsprosjekt som er gjennomført ved Bergen maritime vgs dei siste åra.

Investeringar på over 6 mill. kr
I løpet av dei tre siste åra er det gjennomført fornying og ombygging ved Bergen maritime vgs for ca. 6 mill. kr, i alle hovudsak finansiert med inntekter frå skulen si kursverksemd.
 – I 2004 oppgraderte vi sveise- og maskinverkstaden og i 2005 kuldeverkstaden, prosjekt med ein samla verdi på meir enn 5 mill. kr. Parallelt med dette brukte vi om lag 400 000 kr til oppgradering av lærarkontor og klasserom til «År-2000-standard», eit arbeid som må halda fram i åra framover, sa rektor Bjørn Henrik Jæger då det 13. oktober var opningsmarkering av det nye auditoriet.
 Årets prosjekt, auditoriet, har ein prislapp på 860 000 kr.

NYTT AUDITORIUM. Bergen maritime videregående skole har fått eit topp moderne auditorium med 60 plassar. Rektor Bjørn Kr. Jæger(nr. 2 frå høgre) har med seg sentrale personar i realiseringa av prosjektet, frå venstre: Driftsleiar Roy Johnsen, prosjektansvarleg Roald Sivertsen, overingeniør Eirik Johnsen (Eigedomsseksjonen) og eigedomssjef Helge Haavardtun (t.h.).

NYTT AUDITORIUM. Bergen maritime videregående skole har fått eit topp moderne auditorium med 60 plassar. Rektor Bjørn Kr. Jæger(nr. 2 frå høgre) har med seg sentrale personar i realiseringa av prosjektet, frå venstre: Driftsleiar Roy Johnsen, prosjektansvarleg Roald Sivertsen, overingeniør Eirik Johnsen (Eigedomsseksjonen) og eigedomssjef Helge Haavardtun (t.h.).

Frå roterom til moderne auditorium
Etter at elevar i løpet av førre skuleår hadde rydja og rive det som var skulen sitt «største roterom», vart ombyggingsarbeidet utført i løpet av sommaren.
 – Vi har fått eit delikat auditorium med 60 plassar og all den IT- og audiovisuelle utrusting eit slikt anlegg skal ha i dag. Auditoriet vil verta eit viktig tilskot til dei pedagogiske fasilitetane ved skulen, sa rektor Jæger.
 Auditoriet, som ligg rett ved hovudinngangen til skulen, vil framover verta mykje brukt til kursverksemda Bergen maritime driv på ettermiddags- og kveldstid. Same dag som opninga var, skulle ein kursgjeng på 40 personar i gang med boreopplæring i lokalet.

100 nye elevplassar
– Det er interessant å observera at fornyingstiltaka vi har gjennomført, saman med betre planlegging og meir effektiv utnytting av areala på skulen, i løpet av tre har år gjort det mogleg å auka elev- og studentkapasiteten med 20 % eller ca. 100 plassar, sa rektor Bjørn Kr. Jæger.
 Og han la til: – Dette må vera eit tankekors også for fylkeskommunen når ein ser byggjekostnaden pr. elevplass ved nybygde skular.
 Bergen maritime vgs har no kapasitet for ca 500 elevplassar pluss stor kursverksemd.

Kurs- og oppdragsverksemd
Rektor Jæger sa at det er god omsetnad innan kurs- og oppdragsverksemda dei siste åra som har gjort det mogleg å finansiera dei store fornyingsprosjekta. BMVS har som strategi at skulen innan sine fagområde skal tilby kurs og driva oppdragsverksemd til styrking av eigen økonomi, fagleg utvikling og betre kontakt med næringslivet.

Godt samarbeid
I realiseringa av prosjekta trekte rektor Jæger fram at skulen har hatt god støtte frå eigedomsseksjonen i fylkeskommunen, frå dugande prosjektmedarbeidarar og frå leverandørane.
 – Det er også viktig for meg å takka alle medarbeidarane som gjennom deltaking i kurs- og oppdragsverksemda, har gjort prosjekta mogleg – deira innsats framover vert også avgjerande for tilsvarande framtidige prosjekt, sa rektor Jæger ved opninga.

Imponert utvalsleiar
– Det er direkte imponerande kva de har fått til med eigne midlar her ved Bergen maritime videregående skole, sa leiar for opplærings- og helseutvalet i Hordaland, Roald Steinseide.
 Bergen maritime er ein viktig skule. I tillegg til dei maritime faga i vidaregåande skule er BMVS også den maritime fagskulen vår, påpeika Steinseide.
 – Dei fornyingsprosjekta skulen har gjennomført ved svært stor eigensinnsats, er viktige for at skulen skal nå målet om å verta ein landsleiande skule innan dei maritime faga, sa utvalsleiar Steinseide.

Tekst og foto: Stanley Hauge 20.10.2006 14:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart