10 % billegare periodekort, takstfrys på enkeltbillettar

Frå nyttår vert det 10 % billegare å reisa med buss og båt i Hordaland når du nyttar periodekort. Reiser du med enkeltbillett vert prisen den same som i dag. Og dei prisane har me halde uendra i fire år no seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. – Me

2007 vert femte året på rad med same eller lågare prisar på kollektivreiser.  Dermed har me greidd å snu trenden med stadig dyrare buss- og båtreiser. For fylkeskommunen har dette vore eit stort løft og ei viktig satsing, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Takstfrysen, periodekortrabatten og opphevinga av brusona er eit opplegg fleirtalskoalisjonen i fylkestinget (Kristeleg folkeparti, Høgre og Fremskrittspartiet) går inn for,  og som det ligg finansiering  for i fylkesrådmannen sitt budsjettgrunnlag for 2007, seier fylkesordføraren.

Takstopplegg frå 1. januar 2007:
– Prisen på periodekort vert sett ned med 10 %
– Takstane for enkeltreiser og ungdomskort vert uendra  – takstfrys

Prisen på kollektivreiser med buss og båt i Hordaland har ikkje vore auka sidan 1. januar 2003. Prisen på ungdomskort vart sett ned til 330 kr frå 1. august 2006.

I Hordaland – men ikkje innan Bergen
Fylkeskommunen si takstfastsetjing gjeld for reiser i Hordaland utanom Bergen og for reiser mellom Bergen og resten av fylket. For reiser innan Bergen er det kommunen, som i samband med samferdselsforsøket i Bergen overtok ansvaret for kollektivtrafikken i denne kommunen frå 1.1. 2004, som fastset takstane.

«Sparar 1000-lappen»
Prisreduksjonen på periodekort kjem alle faste reisande til gode.
Periodekort over seks soner, t.d. Os-Bergen, vil få ein reduksjon på 105 kr og vil kosta 945 kr frå 1.1.2007. For den enkelte vert dei innsparing på over 1000 kr på årsbasis.

«Nordhordlandspakke»
For reisande mellom Nordhordland og Bergen vil takstane gå ned tilsvarande ei takstsone i 2007.

Me føreslår å ta bort den eigne takstsona som vart innført då Nordhordlandsbrua opna i 1994. Dette inneber at det vert fem soner mellom Knarvik-Bergen og Frekhaug-Bergen.  Prisen på enkeltreiser på desse strekningane vil dermed gå ned frå 55 kr til 46 kr, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

For periodekort vil prisen, medrekna den generelle reduksjonen på 10 % for denne korttypen, verta 855 kr – ein reduksjon på 195 kr (19 %) i høve til det som har vore normalpris sidan 2003.

Jamvel om ordninga med miljøkort (40 % rabatt) over Nordhordlandsbrua ikkje vidareført i 2007 vil prisen på periodekort verta gunstig i høve til det den var før 2006, seier fylkesordføraren.

Kostar 14-15 mill. kr
Takstfrysen i 2007, rabatten på periodekort og bortfallet av takstsona over Nordhordlandsbrua, vil kosta fylkeskommunen 14-15 mill. kr i auka tilskot til rutelaga.

Miljøsatsing
For fylkeskommunen er opplegget med gradvis reduserte takstar for kollektivreiser ei miljøsatsing. Me ønskjer sterkt at fleire skal reisa kollektivt i staden for å nytta privatbilen.  Dette må me få til for å unngå at køane vert endå lengre i rusjtida enn dei er i dag. Og for å betra luftkvaliteten i fylkesbyen vår – til gagn for både fastbuande og tilreisande, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Sjå oppslag i Bergens Tidende "Strilerabatt på buss"

Tekst og foto: Stanley Hauge 04.10.2006 07:17
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart