
Rektor Per Morten Nordbotn (t.v.) mottok prisen av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, saman med Magnhild Hakestad (vidare mot høgre), Thor Eirik Haugstad, Bjørg Steen og Rolf Einar Eriksen.
Sjølvprodusert revy
Fylkesvaraordføraren sa at prisen går til ein skule som arbeider målretta med miljøet sitt på fleire område.
– Tiltaket som er mest kjent utanfor veggane til skulen, er den sjølvproduserte revyen ”Å løfte en lærer” som vart spela i samband med 25-årsjubileumet til skulen, til glede for tilsette og elevar. Revyen involverte store delar av personalet både på og bak scena og rista saman ulike arbeidstakargrupper som til dagleg har svært ulike arbeidsoppgåver. Skodespelarane var frå heile personalet.
Etter ”festrusen”
Fylkesvaraordføraren la til at dei ikkje gjev prisen til denne skulen berre fordi dei har gjennomført eitt flott tiltak som revyen har vore.
– Vi veit at skulen også etter ”festrusen” har sett vidare fokus på utviklinga av arbeidsmiljøet med tiltak som til dømes felles personalseminar og har starta eit omfattande arbeid med å miljøsertifisere skulen sin. Dette er eit arbeid som vil krevje innsats av alle arbeidstakarane, sa fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og overrekte prisen, ein sjekk på 20.000 kroner, blomster og diplom til rektor Per Morten Nordbotn, som saman med Thor Eirik Haugstad, Rolf Einar Eriksen, Magnhild Hakestad og Bjørg Steen tok imot prisen.
Sparkeball
– Eg er svært stolt og glad for denne prisen, sa rektor. – Dette er ein pris som ikkje berre går til personalet ved skulen, men og til elevane. Arbeidsmiljø er eit vidt omgrep. Revyen vart ein sparkeball som skapte noko som vi knapt såg konturane av. Revyen har skapt ”teambuilding”. Vi hadde to stappfulle hus på Ricks og kunne hatt to til. Etter revyen var det ei heilt anna stemning på skulen. Folk sat saman med folk dei aldri hadde sete saman med før. Halvparten av publikum var elevar. Dei fekk sjå lærarane i nye roller der dei ikkje tok seg sjølve høgtidelege. Vi har fått ein trivselseksplosjon. No skal vil bli miljøfyrtårnskule. Visjonen vår er omsorg, læring og meistring. Målet vårt er at vi skal bli best i Bergen på tilpassa opplæring, sa rektor Per Morten Nordbotn.