
Bak den største satsinga på reiseliv i Hordaland står: Kjartan Pettersen i Samarbeidsrådet for Sunnhordland (f.v.), fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, Karen Nybø i Hordaland fylkeskommune, Anne Marie Reistad i Nordhordland Reiselivslag, Helge Møller i Reisemål Hardanger Fjord AS, Tom Knudsen i NHO - Hordaland og Anne Grethe Bakke i Hordaland Reiseliv. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Samstundes som denne sterke satsinga skjer i Hordaland, skal Fjord Norge i gang med den største internasjonale marknadsføringskampanjen av Vestlandet nokon gong. Samla til denne kampanjen stiller fylka opp med 26,9 mill. kr, av dette kjem 8 mill. kr frå Hordaland.
Kompensasjonsmidlar...
Det er kompensasjonsmidlane for auka arbeidsgjevaravgift som utgjer det finansielle grunnlaget for denne satsinga. Gjennom denne ordninga, som omfattar 14 kommunar i Hordaland, er det i åra 2004-06 sett av 22,37 mill. kr til reiselivssatsing. Av denne summen går 8 mill. kr til marknadsføringa av Vestlandet gjennom Fjord Norge. Vel 14 mill. kr vert nytta til tiltak i Hordaland.
…og andre midlar
I tillegg til kompensasjonsmidlane vil reiselivet også få tilført midlar på eit par millionar kroner årleg gjennom det regionale utviklingsprogrammet. Og i 2006 har fylkestinget løyvd 4,5 mill. kr til ruteutviklingsprosjekt for Bergen lufthamn, Flesland.
Samarbeid om satsinga
Hordaland fylkeskommune har samarbeidd med reiselivsaktørar i regionane Hardanger, Sunnhordland og Nordhordland og med NHO-Hordaland for å få fram fleire banebrytande prosjekt. Destinasjons-selskapa for områda som fekk auka arbeidsgjevaravgift frå 2004, har vore med å utvikla prosjekt innan produktutvikling, kompetanseheving og marknadsføring.
Denne satsinga er i tråd med strategiane i ”Strateginotat for reiselivsutvikling 2006- 2008” som Hordaland fylkesutval vedtok i juni 2006.
Utløyser meir midlar
– Prosjekta vi presenterer her i dag viser at vi verkeleg har sett fokus på sesongutviding og natur- og kulturbaserte opplevingar, slik vi har sett som mål saman med næringsaktørane, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho presenterte satsinga i Bergen 29. november.
Fylkesordføraren trekte fram at Strateginotat for reiselivsutvikling er også styrande for dei andre verkemidlane fylkeskommunen rår over slik at totaleffekten av reiselivssatsinga i Hordaland er enno større enn kompensasjonsmidlane.
Suksess med samarbeid
– Samarbeidet kring kompensasjonsmidlane er ein stor suksess. Det er her sett i gang fellestiltak på tvers av kommune og regionsgrenser slik vi ikkje har sett det før, påpeika fylkesordføraren.
– Kompensasjonsmidlane finansierer dessutan den største internasjonale marknadsføringskampanjen av Vestlandet nokon sinne, i samarbeid med Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Rogaland. Det regionale samarbeidet på Vestlandet er noko vi medverkar til så ofte som råd, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Samarbeid om styring
Bransjesatsinga innan reiseliv er styrt av destinasjonsselskapa i dei tre regionane, Reisemål Hardanger Fjord AS, Nordhordland Reiselivslag og Samarbeidsrådet for Sunnhordland, saman med NHO og Hordaland fylkeskommune.
Reiseliv i 14 kommunar drar nytte av kompensasjonsordninga
7 i Hardanger (Jondal, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Kvam)
4 i Sunnhordland (Bømlo, Etne, Tysnes, Kvinnherad)
3 i Nordhordland (Masfjorden, Fedje, Modalen).
Ut frå tal arbeidstakarar er det Sunnhordlandsregionen som får mest av kompensasjonsmidlane.
Om prosjekta og Fjord Norge si satsing (word)
Om kompensasjonsmidlane (word)