Hordaland fylkeskommune skal, saman med Bergen og Omland havnevesen, laga ein analyse for å finne ei ny godshamn for Bergensområdet. Kommunane i Bergensområdet blir no bedne om å komme med innspel til område som kan vere aktuelle som framtidige hamneområd
– Ei sentral utfordring i første fase av utgreiingsarbeidet vil vere å finne eit område som har stort nok areal, som har tenleg infrastruktur og som kan sikrast til hamneformål i framtida, seier samferdselssjef Magnus Vestrheim i Hordaland fylkeskommune.
Det er i dag konkurranse om dei sentrale areala i Bergensregionen. Både Bergen by og tettstadane i kommunane omkring er i vekst. Eit godt hamnetilbod i Bergensområdet må vegast opp mot omsyna til eksisterande arealbruksmønster, lokale rekreasjons-, natur- og kulturminneverdiar, samt næringslivet sitt behov for transport og logistikktenester.
Utgreiingsarbeidet skal mellom anna sjå på infrastrukturen til ei ny hamn og sjå på om det finst særlege natur- og miljøressursar som vil kunne komme i konflikt med eit større hamneanlegg, uttalar Vestrheim.
Prosjektet skal posisjonere ei ny hamn i Bergensområdet inn mot arbeidet med rullering av Nasjonal transportplan 2010-2019.
Les meir