Oppfinnarprisen 2006 for Hordaland

For å stimulere til auka kreativitet og nyskaping i fylket, har Hordaland fylkeskommune oppretta ein årleg oppfinnarpris. Prisen har vore delt ut sidan 1991. I år er prisen på 50.000 kroner og blir delt ut på fylkestinget i desember. Søknadsfrist er 20. n

Kreative personar i Hordaland som ønskjer å realisere oppfinningen sin, blir oppmoda til å melda seg på i konkurransen. Deltakarar skal vere busette i Hordaland og kan melde seg på med inntil to oppfinningar. Oppfinningane er sikra konfidensiell handsaming. Før prisutdelinga vil presentasjonen av vinnaroppfinninga bli utforma i samråd med prisvinnar.

Påmeldingsfristen er forlenga til 20. november.

Påmeldinga skal sendast til
Hordaland fylkeskommune
Strategi og næring,
Postboks 7900,
5020 Bergen.
Kontakttelefon 55 23 92 82

Påmeldingsskjema (word)

Retningslinjer (word)

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg delte ut oppfinnarprisen for 2005 til Egil Bru Overaa for eit system som overvaker lasting mellom skip og rigg.
Oppfinnarprisen for 2005 gjekk til Egil Bru Overaa for eit system som overvaker lasting mellom skip og rigg. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg delte ut prisen på fylkestinget i desember 2005. (foto: Stanley Hauge)

Les meir om Oppfinnarprisen 2005

03.11.2006 10:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart