Hordaland fylkesutval har vedteke nye namn på fire vidaregåande skular.
Skulen som er samanslegen av Arna gymnas og Garnes vidaregåande skule skal heita Garnes vidaregåande skule. (Samrøystes.)
Namnet på Stend jordbruksskule vert endra til Stend vidaregåande skule. (Samrøystes.)
Frå 1. januar 2007 vert Stord vidaregåande skule og Stord yrkesskule og tekniske fagskule slegne saman til ein skule. Den samanslegne skulen får namnet Stord vidaregåande skule. (Samrøystes.)
Fylkesutvalet har også godkjent at fagskuledelen ved Bergen maritime videregående skole skal ha namnet Bergen maritime fagskole. (Samrøystes.)
Stanley Hauge 23.11.2006 13:15