
”Quiltegjengen” ved Gro Esekielsen, Anne-Louise Førrisdahl, Turid Hellerud, Åse Hoel, Astrid Åstvedt Kårevik, Grethe Lange Munch, Jonita Tresvik Næss, Eli Soleim og Inger Johanne Aarland overrekte denne flotte gåva til skulen med det store hjarterommet, som verket også heiter. – Denne skal få ein heidersplass på skulen, lova ein takksam rektor Egil Hovda. I bakgrunnen konferansier Leif Harald Kvaale.
Ein heilt annan måte
– Denne jubileumsfesten feirar vi på ein heilt annan måte enn det som har vore vanleg tidlegare. I kveld har vi fest for elevar og personalet samla, sa konferansier Leif Harald Kvaale då han ynskte den store festlyden velkomen.
Etterpå overtok ein stolt rektor Egil Hovda talarstolen. Han tok for seg skulen sine fire grunnverdiar som er lojalitet, inkludering, omsorg og ansvar. Korleis desse verdiane gjennom 40 år har gjort Åsane videregående skole til ein trygg og god arbeidsplass for både elevar og tilsette. Her er skapt eit læringsmiljø med krav til innsats og god fagleg oppfølging.
Kreativiteten fekk vi ein smakebit av, bokstaveleg tala, i hovudretten komponert av elevane ved avdeling for restaurant- og matfag i Eidsvåg. Elevar ved helse- og sosialfag og sal- og service hadde saman med ein del frå personalet også sett opp og pynta dei flotte langborda.
Drøymer om felles nybygg
– Dette har vore utfordrande då undervisninga til tider har føregått i 17 ulike undervisningsbygg i Åsane-regionen. Utfordrande både for å skapa ein identitet, men også kompliserande både praktisk og informasjonsmessig når ein skal samla elevar og personale frå åtte ulike bygg. Entreprenørskap har vi drive med i 40 år, så eg er overtydd om at staben skal greia å innfri måla i Kunnskapsløftet.
Rektor Hovda kom sjølvsagt også inn på behovet for ein ny storskule, å få samla alt på ein stad. Han nytta difor høvet til å utfordra gjester frå eigarsida og fylkespolitikarane.
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld frå Hordaland fylkeskommune hadde mange godord til jubilanten, både staben og elevane. Trass stadige endringar og krav som samfunnet set til oss, skal skulen gi elevane ein best mogleg sluttkompetanse og personleg vekst. Han peika på kor viktig skulen er som kulturinstitusjon, og takka for det gode samarbeidet. Fjeld lova ingen ny skule, men hadde med seg ein gåvesjekk på 40.000 kroner festlyden sette stor pris på.
Fylkestingspolitikar Roald Stenseide, leiar i Opplærings- og helseutvalet, rosa også elevar og stab for jobben dei får til i trange lokaler. Særleg deira omstillingsevne og breie spekter av tilbod. Ikkje minst ved Bergen kretsfengsel, der ein gjer eit imponerande arbeid.
Han strakk seg heller ikkje lenger enn å håpa på ei lysing for plassproblematikken.
Fengslande
– Det står stor respekt av fengselsopplæringa, som vi liker å syne fram til gjestene våre. Åsane videregående skole er internasjonalt orientert, også når det gjeld fengselsundervisninga. Eg vil takka for det gode samarbeidet, og har med ei gåve innanfor temaet – biografien ”Jakten på Gjest Baardsen”, helsa utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde hjå Fylkesmannen.
Jubilanten fekk også gode helsingar frå Region Bergen Nord ved rektor Inge Alvær, Bergen fengsel ved fungerande fengselsdirektør Siri Fahlvik Pettersen og Breistein Industrier ved leiar Henry Sørensen.
Sjølvsagt var det kaffi og kaker og meir underhaldning. Breakdancegruppa Flava Flew heldt ei imponerande oppvisning. Dei heftige rytmane frå Forsa-gruppa ”sende oss til” heilt andre og meir tropiske strok. Husbandet Vinyl runda det heile av med litt 70-talsmusikk.
–Veldig bra underhaldning, og veldig hyggeleg å feira saman med personalet. Her treff vi dei fine og pynta, i ein heilt anna setting enn til dagleg. Ein flott jubileumsfest, meiner elevrådsleiar Mariann Ørjansen Paulsen.
– Her var mange fine talar, god mat og god atmosfære. Men vi manglar ein stor aula der vi alle kan samlast. Det har vi engasjert oss i for å få til, seier Paulsen som stortrivest på Åsane videregående skole.

Kraftfulle rytmar frå Forsa-gruppa.

- Ein veldig fin fest for ein god skule, slår elevrådsleiar Mariann Ørjansen Paulsen (t.v) fast. Her saman med klassevenninna på tannhelsesekretærlina, Hilde Kvammen.

Nær 500 samla til feiring av 40-årsjubilanten Åsane videregående skole i Åsanehallen.