Juletreet vart tent, saman med lysa i Princes Street Gardens, av sju år gamle Abbie Miller frå Edinburgh.
 |
Juletreet frå Hordaland er eit landemerke i Edinburgh og får stor merksemd (Utklipp frå Evening News i Edinburgh) |
Nære band
Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen var æresgjest under opninga saman med Lord Provost Lesley Hinds, ordførar i Edinburgh. Framfor 6000 tilskodarar takka Lord Provost Hordaland for den årlege gåva, som er eit sentralt og viktig innslag i julemarkeringa i byen.
Ho peika på dei nære banda mellom Noreg og Skottland, ikkje minst med bakgrunn i kontakta under siste verdskrigen. Tom-Christer Nilsen helsa og uttrykte ønskje om at juletreet ville bringa med seg ein bodskap om god vilje og varig venskap mellom Edinburgh og Hordaland.
Adventskonsert
Etter opninga inviterte Hordaland fylkeskommune i samarbeid med det norske generalkonsulatet i Edinburgh til adventskonsert i St. Giles Cathedral. Ein fullsett katedral fekk oppleva ein storslagen julekonsert med folkemusikkgruppa – Reidun Horvei (song), Einar Mjølsnes og Frank Rolland (hardingfele) i samspel med Edinburgh University Chamber Choir under kunstnarleg leiing av Eric von Ibler.
Møte
Delegasjonen frå Hordaland, fylkesvaraordførar Tom- Christer Nilsen, strategi- og næringsdirektør Jan Per Styve og nestleiar ved kultur- og idrettsavdelinga Ronny Skaar, hadde óg møte og samtalar med politisk leiing i Edinburgh og det norske generalkonsulatet.