Fylkesvaraordførar Nilsen: Regjeringa må satsa meir på rassikring

Det må løyvast meir midlar til rassikring enn det regjeringa legg opp til. Berre i løpet av den første veka av november i år har vi her i Hordaland hatt tre stengingar av viktige riksvegsamband på grunn av ras. 1. november vart Rv. 551 stengt i Maurange

Store nedbørsmengder
Alle dei tre nemnde rasa er komne i samband med til dels store nedbørsmengder. Slike tilfelle er ikkje noko ukjent fenomen i vår del av landet, men dette skjer tydelegvis hyppigare enn før. Denne situasjonen må vi ta inn over oss og førebyggja. I den samanheng må regjeringa satsa sterkare på rassikring og auka løyvingane vesentleg meir enn det er lagt opp til i statsbudsjettet for 2007, seier fylkesvaraordførar Nilsen.

Alvorleg fare
Fylkesvaraordførar Nilsen påpeikar at rasa utgjer ein alvorleg fare for trafikkantane. I tillegg fører dei til vegstenging der det ofte ikkje  er mogleg med omkøyring, eller at omkøyringsvegane vert lange.

Eg er glad for at ingen trafikkantar er skadde i rasa som har gått. Med tanke på at vi er tidleg i haust- og vintersesongen, som er den verste rasperioden her i fylket, eg er uroleg med tanke på kva som kan skje, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.

Også jernbana
Fylkesvaraordføraren seier at steinraset på Bergensbana natt til måndag viser at rassikringa også må omfatta utsette jernbanestrekningar.

Stanley Hauge 08.11.2006 09:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart