Leiar Georg Indrevik (Frp) i kultur- og ressursutvalet la fram forslag til to fråsegner til Stortingets familie- og kulturkomité. Fråsegnene vart samrøystes vedtekne. Fråsegnene vert i tillegg sendt til Hordalandsbenken på Stortinget og Kultur- og kyrkjedepartementet.
Fråsegnene lyder:
"Drift av bevaringstenestene ved Museumsenteret Salhus
Bakgrunn
I St.meld.nr.22 (1999-2000), ”ABM-meldinga” vert mangelen på museumsmagasin halde fram som eit alvorleg problem. Meldinga tilrår å satse på fellesløysingar og nemner planen om eit fellesanlegg med magasin i Salhus som eit føredøme på dette.
Drift av Salhus-anlegget
I regjeringa sitt framlegg til budsjett 2007 er det gjort framlegg om 0,9 mill kr i friske driftsmidlar til Museumssenteret i Salhus. Då er kompensasjon for løns og prisauke fråtrekt. Dette er 0,5 mill kr mindre enn omsøkt og proposisjonen knyter midlane opp mot lokalt konsolideringsarbeid. Det vert då ikkje rom for ei utvikling av fellestenestene for musea i Hordaland, og største delen av det nye konserveringsanlegget på 2.000 m2 vert no ståande ubrukt.
Bevaringstenestene er føresett å yte hjelp til konservering og magasinering for alle musea i Hordaland.
Kultur- og ressursutvalet ber difor komiteen i sitt arbeid med kulturbudsjettet vurdere ekstra løyvingar til drifta slik at ein sikrar forsvarleg drift av konserveringanlegget og på det viset kan yte dei andre musea desse viktige tenestene.
Investering av byggetrinn 2 av bevaringstenestene ved Museumssenteret Salhus
Bakgrunn
I St.meld. nr. 22 (1999-2000), ”ABM-meldinga” vert mangelen på museumsmagasin halde fram som eit alvorleg problem. Meldinga tilrår å satse på fellesløysingar og nemner planen om eit fellesanlegg med magasin i Salhus som eit føredøme på dette.
Investeringar i Salhus-anlegget
Det første byggjesteget med mottak og atelier for gjenstandskonservering i Salhus er ferdigstilt. Andre byggjesteg med 2.000m2 fellesmagasin er ferdig prosjektert og kostnadsrekna. ABMU tilrår i ein uttale til KRD at Salhus-prosjektet vert prioritert. Søknad om tilskot vart sendt til KKD alt i 2005. Etter at Hordaland fylkeskommune sin del av investeringa er vedteken opplyser KKD i brev av 06.10.2006 at dei har endra vilkåra for sin medverknad til max 1/3 av kostnadene.
Bevaringstenestene er føresett å yte hjelp til konservering og magasinering for alle musea i Hordaland. Dersom ikkje dei statlege løyvingane blir følgde opp etter dei godkjende planane, set dette no realiseringa av fellesmagasina i fare."