Årets eldsjel i Hordaland fylkeskommune

Aud Bjørg Austestad er kåra til årets eldsjel i Hordaland fylkeskommune. Ho er reinhaldar ved Fusa vidaregåande skule. Prisen vart overrekt av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen under arbeidsmiljødagen 15. november.

Aud Bjørg Austestad fekk den første eldsjelprisen av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.
Aud Bjørg Austestad fekk den første eldsjelprisen av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.

Står på tidleg og seint
Om prisvinnaren sa fylkesvaraordføraren at prisen går til ein av seniorane i fylkeskommunen og den eldste arbeidstakaren på sin skole.
– Ho har på sin eigen stillferdige måte sytt for at skulen er ein god plass å kome til for både elevar og tilsette. Prisvinnaren står på tidleg og seint i jobben og har store krav til kvaliteten på eige arbeid. Samstundes er ho ikkje personleg kravstor. Og ho har halde oppe kvaliteten på arbeidet sitt gjennom store endringar i arbeidssituasjonen sin som reinhaldar, sa fylkesvaraordføraren og overrekte prisen som er på 5.000 kroner med blomster og diplom.

Ein ekstra innsats
Eldsjelprisen er ein del av arbeidsmiljøprisen som kan delast ut innan to kategoriar: Arbeidsplassar som har gjort ein spesiell innsats innan arbeidsmiljø og i omstillingar, og ein eldsjelpris som går til enkeltpersonar som i sitt daglege virke har ytt og yter ein ekstra innsats, som spreier glede og humør og har noko heilt spesielt å seie for kollegaene sine.
Dette er første gongen den fylkeskommunale prisen blir delt ut. Prisen er innstifta av fylkesrådmannen og hovudarbeidsmiljøutvalet har gjeve positiv tilslutning til tiltaket. Juryen er samansett av  leiar av HMT-tenesta, Ruth Brudvik, prosjektleiar, fylkeshovudverneombod Astrid Haugland, leiar av hovudarbeidsmiljøutvalet, Tore Andersen og forhandlingsleiar Johan J. Meyer.

Prisen vart delt ut på arbeidsmiljødagen i fylkeshuset i Bergen der rundt 70 personar deltok.

Bjarte Brask Eriksen 17.11.2006 11:28
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart