West Side Story på Langhaugen videregående skole

Musikklinja ved Langhaugen videregående skole er 20 år og feirar dette med musikalen West Side Story av Leonard Bernstein. Dei seks musikk- og danseklassane ved skolen har laga ei scenisk oppsetning med fullt orkester. Premiere er 31. mars, og musikalen b

Fra prøvene til West Side Story

Fart og dramatikk
Elevane har jobba med førestellinga gjennom heile skuleåret, med ekstra helgeøvingar og full prosjektveke før premiera. Både orkester, songsolistar, skodespelarar, kor og dansarar er elevar ved skulen. West Side Story er blitt ein moderne musikal, prega av fart, dramatikk og stor uttrykkskraft. Dirigent er David Weaver og instruktør Solvei Stoutland.

Kvart tredje år
Musikklinja, etter kvart saman med danselinja, har om lag kvart tredje år sett opp ei større scenisk førestelling. Dette er andre gong skolen set opp West Side Story, første gong var i 1992. Men den gongen var det berre musikklinje ved skulen, mens vi denne gongen også har tre danseklassar som utgjer ein viktig del av oppsetninga. I år er til saman om lag 150 elevar involvert på scena i den største musikalsatsinga på Langhaugen gjennom 20 år. Dette blir utan tvil ei fargesprakande førestelling som fortener eit stort publikum.

Det blir seks førestellingar
Fredag 31. mars kl. 19.30 (premiere)
Laurdag 1. april kl. 18.00
Søndag 2. april kl. 15.00 & 19.30
Måndag 3. april kl. 19.30
Tysdag 4. april kl. 19.30

Billettar kostar 150 og 80 kroner og kan kjøpast ved inngangen.
Førestellinga finn stad i aulaen, Langhaugen videregående skole.

Reportasje om West Side Story i Bergens Tidende

30.03.2006 09:50
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart