Slår saman vidaregåande skular i Arna og på Stord

Arna gymnas og Garnes vidaregåande skule skal slåast saman frå 1. august 2006 og Stord yrkesskule og tekniske fagskule og Stord vidaregåande skule frå 1. januar 2007, har Hordaland fylkesting vedteke. Vedtaket er gjort med 29 (H, Frp, KrF) mot 28 (Ap, SV,

Fylkestinget har godkjent ein samarbeidsavtale mellom Bergen katedralskole, Bergen handelsgymnasium og Tanks videregående skole og at det ikkje vert sett i verk samanslåing av dei vidaregåande skulane i Os (samrøystes).

Mindretalet i fylkestinget gjekk inn for eit fellesforslag frå Ap, SV, og Sp om at det ikkje skal gjevast pålegg om samanslåing av skular no. I staden skal skulane i Arna og på Stord leggja fram forslag til samarbeidsavtalar etter mønster frå sentrumsskulane i Bergen.

Elevar frå Garnes vidaregåande skule demonstrerte mot samanslåing av skular i Arna då fylkestinget handsama saka 14. mars.

Elevar frå Garnes vidaregåande skule demonstrerte mot samanslåing av skular i Arna då fylkestinget handsama saka 14. mars.

Arna og Stord
Arna gymnas og Garnes vidaregåande skule skal slåast saman frå 1. august i år.
 Stord yrkesskule og tekniske fagskule og Stord vidaregåande skule skal omgåande starta eit fellesprosjekt der siktemålet er eit tett og forpliktande administrativt og pedagogisk samarbeid. Prosjektet skal munne ut i ein samanslått skule med verknad frå 01.01.07, heiter det i fylkestinget sitt vedtak.
 I samband med samanslåinga er det eit krav om innsparing på 1 mill. kr ved dei nye einingane. Halvparten av denne innsparinga vert ikkje trekt inn, men skal nyttast til å utvikla og etablera eit betre pedagogisk tilbod ved skulane.

Sentrumsskulane i Bergen
Dei tre skulane i Kong Oscarsgate i Bergen (Bergen Katedralskole, Bergen handelsgymnasium og Tanks videregående skole) har utarbeidd ein samarbeidsavtale, som fylkestinget har godkjent. Tiltaka i avtalen skal evaluerast etter skuleåret 2006/07, og det er resultatet frå denne evalueringa som bestemmer kor mykje av det pålagte innsparingskravet på 1 mill. kr  som skal trekkjast inn i budsjetta for 2007. I budsjettet for 2006 vert halvparten av innsparingskravet trekt inn.

Ikkje samanslåing i Os
Samanslåing  av skulane i Os vert ikkje sett i verk, og innsparingskravet på 1 mill. kr vert for desse skulane vert trekt. Dette vart samrøystes vedteke av fylkestinget.

Forslag frå Ap, SV, Sp
«1. Det vert ikkje gitt pålegg om samanslåing av skular på noverande tidspunkt.
 2. I staden må skulane i Arna og på Garnes og skulane på Stord leggje fram forslag til samarbeidsavtale etter mønster frå skulane i Kong Oscarsgt til fylkestinget i desember 2006.
 3. Pedagogiske omsyn og eit godt tilpassa undervisningsopplegg for den enkelte elev må vere det primære.
 Det kan vere grunnlag for ei samlokalisering av dei vidaregåande skulane i Arna og på Stord på sikt dersom dei bygningsmessige forholda vert lagt til rette for det og dersom elevtalet ikkje i stor grad overstig 600 elevar.»
 Forslaget fekk 28 røyster (Ap, SV, Sp, V, RV og uavh.) og fall.

RV forslag
Raud Valallianse føreslo at prosjektet restrukturering av skular skal avsluttast straks. Dette forslaget fekk RV sine to røyster og fall.

Stanley Hauge 14.03.2006 16:18
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart