Ny trase og auka kostnad for Jondalstunnelen

Samferdselsutvalet i Hordaland går samrøystes inn for å byggje Jondalstunnelen etter ny trase (S6) som sparar Nordrepollen. Dette fører til ein kostnadsauke på 38 millionar kroner som Hordaland fylkeskommune og Kvinnherad kommune skal dele.

Samferdselsutvalet legg til grunn at meirkostnaden blir delt med 19 millionar kroner i auka tilskot frå fylkeskommunen og tilsvarande sum i tilskot frå Kvinnherad kommune.
Samferdselsutvalet har merka seg at ein ny prognose tilseier at det vil passere færre bilar i døgnet gjennom tunnelen. Den tidlegare prognosen tilsa at det ville passere 420 køyretøy i gjennomsnitt i døgnet ved tunnelopning i 2010, mens den nye har redusert trafikken til 340 køyretøy. Utvalet vil likevel ikkje endre summen i bompengesøknaden fordi meir effektiv innkrevjing av bompengar og lågare rente veg opp for lågare trafikk.
Utvalet ber om at bompengesøknaden blir handsama snarast råd av sentrale styresmakter.

I sakstilfanget skriv fylkesrådmannen at han har merka seg at det blir hevda at tunnelen kan byggjast rimelegare enn det som så langt ligg til grunn i finansieringsplanen. Berre ei anbodsutlysing kan gje svar på om slike påstandar held stikk. Fylkesrådmannen vil difor i det vidare arbeidet leggje til grunn at både alternativ N2 og alternativ N6 på Jondalssida vert lagde ut på anbod. Dersom det viser seg at det er mogeleg å finansiere alternativ N6 innanfor kostnadsramma, vil fylkesrådmannen tilrå dette alternativet.
Samferdselsutvalet sluttar seg til dette og tilrår å lyse alternative trasear (S6 , N2 og N6) ut på anbod. Dersom alternativ N6 i Jondal let seg realisere  innan den vedtekne finansieringsplanen, vil ein vurdere å realisere lang tunnel forbi Torsnes, austom bygda (alt. N6).

Saka går vidare til fylkesutvalet 13. mars og blir endeleg vedteken av fylkestinget 14. mars.

Bjarte Brask Eriksen 10.03.2006 11:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart