Flåtestyrken stoppa i Bergen på veg mot Harstad, og vil også koma innom Bergen på returen. "Standing NRF Mine Countermeasures Group 1" er ein fast etablert multinasjonal styrke som til vanleg er samansett av sju skip, frå mange ulike land.
Offiserane sa at dei var glade for å vera i Bergen. Fylkesordføraren orienterte dei om Hordaland, og vart informert om oppdraget til flåtestyrken.Fylkesordføraren ønskte offiserane velkomne tilbake ved eit anna høve.Her kan du lesa meir om ”Standing NATO Response Force Mine Countermeasures Group 1” (SNMCMG1)
Frå venstre: Liaisonoffiser KL A. J.E. Jacobsen, fartøysjef "ENS Admiral Pitka" (Flagship, Estonia) Lt. Cdr Jüri Saska, fartøysjef "HNLMS Willemstad" (The Netherlands) Lt. Cdr. M.A. Smits, fylkesordførar T. Selsvold Nyborg og styrkesjef SNMCMG1 Cdr. N. Vasseur.(foto: Synnøve Gjermundnes)