Link arkitekter AS vann arkitektkonkurranse om Sørås videregående skole

Link arkitekter AS sitt utkast Cote er kåra til vinnar i arkitektkonkurransen for den nye Sørås videregående skole som Hordaland fylkeskommune skal byggja i Bergen.

Kveldssperspektiv for den nye Sørås videregående skole som skal takast i bruk i 2009.
Kveldssperspektiv for den nye Sørås videregående skole som skal takast i bruk i 2009. Link arkitekter AS har teikna skulen. Smedsvig Landskapsarkitekter AS har hatt ei aktiv rolle i utforming av landskap og plassering av skulen. Mir Visuals AS har laga fotoillustrasjonane.

Om vinnarutkastet uttalar juryen:
«Prosjektet utmerkar seg ved at det viser god løysning i hovudgrepet og gir eit umiddelbart tiltalande uttrykk. Det har og løyst krava i programmet på ein god måte, både med omsyn til skule og som samfunnshus. Prosjektkostnaden ligg og innafor den økonomiske ramma som er definert i programmet.»

Delt andreplass
Juryen har kåra to prosjekt på andreplass, Læringslangskapet som 3XNielsen A/S, Danmark har levert, og Zorro som samarbeidsgruppen Rambøll Norge AS / Arkitektgruppen Cubus AS har levert. Juryen seier at felles for desse prosjekta er at dei på kvar sin måte har potensial.

Interiør ved den nye Sorås videregående skole

Læringslandskap må gjennomgå omfattande forenklingar for å tilfredsstilla prosjektrammene.
Zorro har eit konsept, men treng eit kvalitetsmessig og arkitektonisk løft.

Kort om skuleprosjektet
Hordaland fylkeskommune har vedteke å byggja ny vidaregåande skule på Sørås i Bergen. Skulen er planlagt for ca. 800 elevar og rundt 120 tilsette. Skulen skal også vera ein «knutepunktskule» for døve og hørselshemma.  Romprogrammet har eit nettoareal på ca. 10 000 kvadratmeter, og ca. 14.000 kvadratmeter brutto.
 Det vert den største nye skulebygningen Hordaland fylkeskommune har reist. Kostnadsoverslaget er førebels på 305 mill. kr. Skulen skal stå ferdig til bruk ved skulestart hausten 2009.

Visjon og målsetjing
Fylkeskommunen tek sikte på at Sørås vidaregåande skule skal verta ein moderne, nøktern og fleksibel skule som skal vera tilpassa fleire bruksområde og som bryt med dei tradisjonelle klasseromprinsippa.
 Det er eit mål å syna eit døme på korleis fylkeskommunen ønskjer å nytte delar av sin infrastruktur innan vidaregåande opplæring som ”opne samfunnshus i eit lærande samfunn”. Skulen skal ikkje berre yta ordinære tenester overfor elevane sine, men også andre aktørar i nærområdet kan nytta skulen som eit samfunnshus. Både elevar og andre grupper skal kunne nytta skulen ikkje berre til ordinær opplæring, men også som eit sosialt samlingspunkt og som eit informasjons – og aktivitetssenter.

På mange måtar vil skulen kunne framstå som samfunnet si storstove, og senteret i skulen vil vonleg få preg av å vere skulesamfunnet sitt landsbytorg. Her ligg kantina,

Den nye skulen blir liggande mellom Rå ungdomsskole og Sørås tannklinikk.

biblioteket, idrettshallen og felles læringsareal, her brukar elevane fritid og her vert gruppearbeid o.l. utført.
I dette arealet er det også avsett plass til eksterne instansar som universitetet, høgskular, kommune, politi, næringsliv, aetat osv. der dei får ein møtearena med skulen og kan knyta relasjonar.

Det er vidare eit mål at skulen skal vere open også etter ordinær skuletid.

Det er eit overordna krav i programmet at den nye skulen vert etablert med fysiske rammer som er eigna til å møte stadige endringar i studietilbodet, elevtal, pedagogisk metodikk og fagleg innhald.

Ved utforming av skulen skal ein innanfor dei rammer som er definert i funksjonsprogrammet, finne fram til gode arkitektoniske, funksjonelle og teknisk/økonomiske løysingar som sikrar godt arbeidsmiljø og støttar opp under bruksfunksjonane.

Sørås vidaregåande skule skal framstå som eit bygg med særpreg og eigenidentitet, og med arkitektoniske og funksjonelle kvalitetar som uttrykkjer eit medvite forhold til funksjonsinnhald og omgjevnader.

Arkitektkonkurranse
Fylkeskommunen inviterte sju firma til å delta i arkitektkonkurranse for Sørås videregående skole. Det kom inn seks forslag, eitt firma melde frå om at dei ikkje leverer forslag.

Desse seks forslaga kom inn:
Cote     
C&:-)Z    
Læringslandskap  
Notitia Kunnskap er konge 
Tett brygg   
Zorro    

Etter ei første vurdering vart dei tre utkasta  Cote, Læringslandskap og Zorro valde ut for å gå vidare til den endelege kåringa.

Vurderingskriterium
Ved vurdering av utkasta er det lagt vekt på følgjande:

· Planfaglig løysning for heile tomten. Inkludert i dette er også forhold til omgjevnadene, landskapsarkitektur og terrengutforming.
· Fleksibilitet og arealeffektivitet.
· Universell utforming.
· Arkitektur: form, funksjon, teknikk, totalgrep, logistikk, intern kommunikasjon, miljømessige forhold, og eventuelle tekniske løysingar.
· Utnytting, volumutnytting, materialar og overflater.
· Tilrettelegging for framtidig drift og vedlikehald.
· Økonomi og kostnadsoverslag.
· Landskapsarkitektur og terrengutforming.

Vinnarutkastet – COTE
I omtalen av vinnarutkastet COTE seier juryen at bygningen  er plassert slik på tomta at skulen får eit oversiktleg og skjerma uteområde og ein klart definert inngang i bygningen sitt sentrum. Prosjektet utmerkar seg ved å ha dei beste løysingane for utearealet, inkludert tilkomsten. Likevel meiner juryen at plasseringa må justerast for å kome lenger  vekk frå bygningar mot aust og for å få trafikkareal på nordaustsida.

Den bygningsmessige fleksibilitet er greitt ivareteken. Juryen meiner romfunksjonane  i første etasje må gjennomgåast, men at prosjektet elles er tru mot romprogrammet. Prosjektet er godt løyst når det gjeld universell utforming. Bygget er oversiktelig og lett å orientere seg i. Her er det ingen overraskingar, det ein er på jakt etter er der ein ventar å finne det.

Stor kunnskap om «skuledrift»
Juryen seier at prosjektet er godt presentert og viser stor kunnskap om «skuledrift». Bygget har fått eit tiltalande uttrykk med stort arkitektonisk potensial, der to klare bygningsvolum er samanstilte, og i koplingspunktet finn ein hovudinngangen og storstova. Inngangspartiet omkransa av den store glasfasaden og idrettshallen gir inntrykk av å kome til eit ope hus.
 Prosjektet har ein struktur som tek utgangspunkt i avdelingsskulen, likevel er løysinga fleksibel og tillet god flyt og kontakt mellom undervisningsareala, både vertikalt og horisontalt.
 Amfiet  er ei vidareføring av terrengfallet på utsida, der ein aktivt har drege kotane/terrenget inn i det sentrale rommet, og slik får eit «naturleg» amfi.
 Sentralrommet er godt dimensjonert i høve til funksjonen storstove og samfunnshus.  Her ligg dei viktige funksjonane godt integrert i forhold til sentralrommet. Ein kan opne inn til idrettshallen og ved å plassere scenen i opninga, får ein større fleksibilitet ved at denne kan vendast anten mot idrettshallen eller mot kantinearealet/storstove.

Store glasfasadar utfordrar
Dei forholdsvis store glasfasadane som er medverkande til å gje skulen det opne og venlege arkitektoniske uttrykket, vil verta ei utfortring når det gjeld problemstillinga rundt kontroll av lysinnslepp og varmetap.

Detaljplanlegging
Detaljplanlegginga av det nye skulebygget vil no starta og eit endeleg forprosjekt skal utarbeidast. Dette vil verta politiske handsama mot slutten av 2006, truleg i fylkestinget i desember.

Link Arkitekter AS
LINK Arkitekter AS er mellom dei leiande arkitektkontora i Noreg og har kontor i Oslo, Bergen og Stord. Kontoret har i dag til saman ca. 60 medarbeidarar, fordelt på ei rekkje faggrupper innan alle typar arkitekturprosjektering. Ved kontoret i Bergen er det 17 tilsette og ved Stord-kontoret 11.

Jury
Helge Haavardtun - Eigedomssjef - Hordaland fylkeskommune
Svein-Erik Fjeld - Opplæringsdirektør - Hordaland fylkeskommune
Anne-Helene Skogland - Avdelingsleiar - Årstad videregående skole
Per Haukeli - Spesialrådgiver - Hordaland fylkeskommune
Mette Melandsø - Arkitekt - Pir 2 – Trondheim
Per Højgaard Nielsen - Arkitekt - HLM – Bergen
Roald Landøy - Arkitekt - Hordaland fylkeskommune. Sekretær for juryen.

Stanley Hauge 13.03.2006 12:07
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart