Konferanse for eldreråda i Hordaland

Den årlege konferansen for eldreråda i Hordaland går av stabelen 22. og 23. mars på Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsli. Konferansen er møteplass mellom fylkeseldreråda og dei kommunale eldreråda i fylket der aktuelle saker blir tatt opp.

Fylkeseldrerådet i Hordaland er arrangør av konferansen. Alle kommunar i Noreg er lovpålagt å ha eit eldreråd.
Eldreomsorg blir eit viktig tema på konferansen. Laila Nordheim Alme hos Fylkesmannen skal innleie om eldreomsorga i Hordaland, og Willy Gustafson skal presentere den nye handlingsplanen for eldreomsorga, som er laga på oppdrag frå helse- og omsorgsdepartementet. Vidare skal ei gransking om eldreomsorg i kommunane i Hordaland leggjast fram.
Primus motor bak Knarvikmila, Helge Brekke, skal fortelje om prosjektet hans ”Dørstokkmila” som går ut på å få folk over dørstokken for fysisk aktivitet. Den nye fylkesdelplanen om universell utforming og deltaking for alle står og på programmet.

Program for konferansen for eldreråda i Hordaland

20.03.2006 14:31
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart